Forskarar på arbeidsmiljø ved NTNU og SINTEF i Trondheim, fryktar for framtida til forskinga. Årsaka er at regjeringa skal bruke seks millionar kroner i Oslo til å forske på nordmenns arbeidsmiljø og arbeidshelse.
Dei som driv med forsking i Trondheim, meiner dette råkar forskinga utanfor hovudstaden.
- Eg syns det er merkeleg at det blir bygd opp nye arbeidsplassar i Oslo. Ein kunne gjort det same utanfor hovudstaden viss ein politisk seier det er viktig å flytte statlege arbeidsplassar ut frå Oslo, seier forskingssjef ved SINTEF teknologi og samfunn, Tore Nilsen, til NRK Trøndelag.
Treng folk på universiteta
Realfagbygget ved NTNU i Trondheim.
Gjennom statsbudsjettet har regjeringa avgjort at det skal brukast seks millionar kroner på eit nytt system som skal overvake og dokumentere nordmenns arbeidsmiljø og arbeidshelse.
Arbeids- og sosialdepartementet har vedtatt at overvakingssystemet skal leggast til Statens Arbeidsmiljøinstitutt i Oslo.
Gjennom sitt vedtak sørgjer regjeringa for at det blir mindre pengar til forsking utanfor Oslo og for at fagfolka blir trekt mot hovudstaden igjen.
- På sikt betyr det at vi rundt i landet mister kompetanse og arbeidskraft innan dette feltet. Noreg er eit lite land og vi treng dyktige folk på universiteta i landet, som kan halde på med arbeidsmiljøforsking spesielt på psykososialt området, seier professor ved NTNU, Per Øystein Saksvik.
Dårleg verktøy
Det er avgrensa med pengar til forsking på arbeidsmiljø.
Regjeringa legg med sin politikk opp til at dei som får mykje, skal få endå meir. I tillegg er det nye overvakingssystemet for arbeidslivet for dårlig, seier Tore Nilsen ved SINTEF.
- Vi kan ikkje bruke data og informasjon frå det systemet i vår forsking.
NTNU og SINTEF blei brukt som argument for å flytte Direktoratet for arbeidstilsynet til Trondheim.
I staden for å få ein nøkkelrolle fryktar dei no at deira og andre si forsking blir nedprioritert til fordel for ei satsing i Oslo.
- Eg skulle ønskje at dei seks millionane blei stilt til rådvelde for Direktoratet for arbeidstilsynet og at dei kunne kjøpe tenester frå det breie forskingsmiljøet i landet, deriblant oss, seier Nilsen.
- Skal satse i Trondheim
Arbeids- og sosialminister Bjarne Håkon Hanssen slår tilbake mot kritikken frå forskingsmiljøet i Trondheim.
Han seier regjeringa framleis vil satse på miljøet ved NTNU og SINTEF, sjølv om dei bruker seks millionar kroner til forsking i Oslo.