Forskar på oppussing

Eit forskingsprosjekt ved NTNU skal prøve å finne nye og kostnadseffektive konsept for korleis vi pussar opp hus bygd i perioden frå 1950-1990. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at einebustader og småhus i tre står for halvparten av energibruken i bygningar i Norge, skriv Adresseavisen. Kvart år pussar nordmenn opp for rundt 80 milliardar kroner.