Hopp til innhold

Laga sin eigen logo – fekk eit av verdas største motorsportforbund på nakken

Innovasjonsselskapet skulle berre registrere den heimesnekra logoen sin. Det likar ikkje Formel 1, som meiner den er for lik deira.

Fremtidens Industri logo
Formel 1 logo

Synst du logoane liknar?

– Eg håper vi snart er ferdig med denne saka, seier Bjørn Damhaug til NRK.

Han er leiar for Fremtidens Industri, eit selskap i Indre Fosen, rett over fjorden frå Trondheim.

I januar 2020 sende selskapet som jobbar for nyskaping og innovasjon innan fleire bransjar, inn logoen til registrering hos Patentstyret.

Når ein gjer det får andre selskap ein frist på seg til å seie ifrå om dei er ueinige i noko. Før denne fristen gjekk ut, kom det ein klage frå eit stort internasjonalt firma som held til i Rotterdam i Nederland.

Formula One Licencing, som forvaltar rettigheitene til Formel 1 meiner logoen lett kan bli forveksla med deira eigen.

Bjørn Damhaug, leiar for fremtidens Industri. Står framfor ein vegg med logoar.

FI: – Vi har laga logoen sjølv med vår eigen kommunikasjonsrådgjevar, seier Damhaug til NRK om logo-tvisten med Formel 1.  

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Det er ikkje Damhaug einig i.

– Vi driv jo ikkje med det same, verken motorsport eller noko anna som Formel1 driv med, seier han.

Det var Teknisk Ukeblad (TU) som først omtalte saka,

Formula one, formel1-logo.

Logoen til Formel 1.

LOGO: Fremtidens Industri i Indre Fosen.

Logoen til FI, Fremtidens Industri.

Formel 1: – Openberre likskapar

Motorsportsselskapet som har arrangert konkurransar sidan 1950 skriv at dei har eit vern for å bruke ordmerket F1. Dette inneber at dei har einerett til teiknkombinasjonen F1 uavhengig av skrifttype og utforming.

– Visuelt er det openberre likskapar mellom F1 og FI. Bokstaven F er identisk, og teikna 1 og I er visuelt like, skriv Formel 1 i klagebrevet til Patentstyret.

NRK har vore i kontakt med Protector IP AS som er Formel 1 sin norske fullmektige i logo-tvisten. Dei ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare.

I klagen peikar dei vidare på at begge logoane er plassert i kvitt inne i ein oransje sirkel og at bokstaven «I» vil kunne bli oppfatta som romertall for ein.

Formula one, formel1: Red Bull's Dutch driver Max Verstappen stands on the podium after winning the Formula One Styrian Grand Prix at the Red Bull Ring race track in Spielberg, Austria, on June 27, 2021.

Red Bull-køyrar Max Verstappen, her på podiet etter å ha vunne Formula One Styrian Grand Prix i Austerrike. Formel1 meiner eit norsk selskap har laga ein logo som er for lik logoen bak Verstappen

Foto: Andrej Isakovic / AFP / NTB

– Den einaste forskjellen vil vere utforminga av 1 og I. Denne
forskjellen er svært liten.

Tidlegare har EU-domstolen slått fast at det at eit varemerket som er mykje i bruk skal vege tungt når ein skal vurdere om det er fare for å forvekslingar.

Klagen blei avvist

Fremtidens Industri har svart på klagen. Dei skriv at bokstaven «F» er ein del av det latinske alfabetet og at det derfor er eit urimeleg argument.

– Vi har laga logoen sjølv med vår eigen kommunikasjonsrådgjevar, seier Damhaug til NRK

I mai 2021 blei det gjennom ei heilskapsvurdering konkludert med at Formel 1 ikkje skulle få medhald i klaga si. I den skriftlege avgjerda skriv Patentstyret at dei oppfattar dei to merka som visuelt svært ulike.

– Sidan merka korkje har visuelle, fonetiske eller konseptuelle likskapar, har vi kome fram til at det ikkje finst merkelikskap, skriv Patentstyret i avgjerda.

Vidare skriv dei at det er søkt å skulle oppfatte I-en i Framtidens Industri som eit romartal når det ikkje er noko anna ved merket som oppfordrar til ei slik tolking.

Mercedes driver Lewis Hamilton, left, of Britain, celebrates on the podium with second placed Ferrari driver Sebastian Vettel after winning the Italian Formula One Grand Prix at the Monza racetrack, in Monza, Italy, Sunday, Sept. 6, 2015. (AP Photo/Antonio Calanni)

STORT SELSKAP: Formel 1 er den øvste klassen av motorsport som sidan 1950 har arrangert konkurransar. Her er sjåfør Lewis Hamilton på podiet i Italia.

Foto: Antonio Calanni / Ap

Ikkje siste runde i saka

– Patentstyret såg at vi ikkje var i nærleiken av å komme i konflikt med det andre selskapet, seier Damhaug.

– Vi veit ikkje om dei kjem til å klage, men om dei gjer det så får vi berre ta det som det kjem. Meir enn det kan eg ikkje seie, avsluttar han.