Dei to jentene var mellom ti og tretten år da dei vart utsette for overgrepa frå stefaren. For den eine er det snakk om samleie, og for begge er stefaren dømd for å ha befølt dei på fleire vis fleire gonger.
Overgrepa skjedde for mellom to og tre år sidan, fleire stader i Sør-Trøndelag, heime hos den no dømde, og for den yngste jenta sin del på toalettet på ein bensinstasjon under ei reise.
Sa frå fleire gonger
Den eldste jenta fortalde mora kva stefaren hadde gjort med henne, før saka vart ei politisak. Etter at ho første gong hadde gjort dette, til mora og eit anna familiemedlem, og stefaren nekta det han vart konfrontert med, valde jenta å seie at ho truleg hadde drøymt det ho fortalde.
Seinare kom det nye historier frå begge jentene, og mor kontakta da barnevernet i kommunen. Saka vart deretter meld til politiet som tok opp etterforsking kring kva som verkeleg hadde skjedd. Det vart teke dommaravhøyr av jentene og gjort fleire avhøyr av stefaren, som mor da hadde vald å bryte sambuarskapet med. Tiltalte har både i dommaravhøyra og i retten nekta å stå bak det han er skulda for.
Ein dommar dissenterte
Retten har vurdert om forklaringane til jentene kan vere bygde på seksuelle fantasiar som dei kan ha hatt, med utgangspunkt i ein elles vanskeleg barndom, men dommen finn å legge til grunn som bevist at stefaren har utført dei aktuelle handlingane mot dei to jentene, og dømmer han av den grunn til ei nokså lang fengselsstraff, på fem år.
Men dommen er ikkje samrøystes. Ein tingrettsdommar valde å dissentere og ønskte tiltalte frikjend, fordi denne dommaren meiner det ikkje er utanfor ein kvar tvil bevist at tiltalte har gjort det tiltalen framsett som skulding.
Den tidligere stefaren til dei to jentene er av tingrettens fleirtal dømt til å betale kvar av dei 130.000 kroner i oppreisingserstatning.
Under etterforskinga hadde politiet gjort beslag i stefaren sin mobiltelefon der det vart funne mellom hundre og to hundre foto som syner seksualiserte barn og sers unge jenter, men dette valde aktor å ta ut av tiltalen under rettssaka, da det ikkje kunne førast fullt bevis for at tiltalte hadde gjort seg kjent med desse bilda.