Hopp til innhold

For få helsesøstrer i heile Sør-Trøndelag

Ingen av kommunane i Sør-Trøndelag oppfyller norma til tal på helsesøstrer. Yrkesgruppa gjer så godt dei kan, men føler dei ikkje strekkjer til.

Ifjor ble det bevilget 180 millioner kroner for å styrke skolehelsetjenesten i landet. Nå viser det seg at kommunene har brukt 70 prosent av disse pengene på andre formål. Det frustrerer helsesøstre:

– Eg har hatt opp til 1100 elevar på tre ulike skular. No har eg 800 på to skular, det er også for mykje, seier helsesøster Kirsten Kamark i Trondheim.

Norma som Helsedirektoraratet tilrår er 300 elevar på kvar helsesøster i barneskolen og 550 på kvar helsesøster i ungdomsskolen.

Strekkjer ikkje til

Kirsten Kamark har 22 år bak som helsesøster, og kjenner på at ho ikkje strekkjer til i jobben, når ho har så mange barn og unge ho skal nå.

– Det er jo det eg kjenner på. Eg går rundt og trur sjølv at eg gjer ein bra jobb, men jobben blir jo aldri bra nok når eg har så mange eg skal ta meg av, seier ho.

Oppfyller ikkje norma

Og situasjonen for Kamark er ikkje spesiell. Ingen av kommunane i Sør-Trøndelag oppfyller den tilrådde norma som Helsedirektoratet har sett, syner ei kartlegging.

Kristin Sofie Waldum-Grevbo, som er leiar for «Landsgruppen for helsesøstre» i Norsk Sykepleierforbund, synest dette er ille, og meiner det kan føre til at barns problem ikkje blir oppdaga og handtert i tide.

Kristin Sofie Waldum-Grevbo

Midlar til helsesøstrer må øyremerkast, meiner Kristin Sofie Waldum-Grevbo.

Foto: Hege Jonli Tøndel / NRK

– På somme stader i skulehelsetenesta er det ikkje eingong folk til stades kvar veke. Då er det ikkje slik at ungdom kan droppe innom når dei treng det, seier Waldum-Grevbo.

Styrking gjekk til andre ting

I 2014 var det løyvt 180 millionar kroner ekstra på landsbasis for å styrke skulehelsetenesta. Men 70 prosent av desse midlane gjekk til andre føremål.

– Desse tala syner at kommunane treng sterkare føringar for korleis desse pengane skal brukast, seier Grevbo.

– Difor meiner vi at det bør innførast øyremerking av desse midlane, slik at dei kjem barn og unge til gode – det fortener dei!

Norm ikkje oppfylt, men er stolte

Betty Pettersen

Kommuneoverlege Betty Pettersen i Trondheim vedgår at dei er eit stykke unna norma.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

Kommuneoverlege Betty Pettersen i Trondheim vedgår at kommunen ikkje oppfyller norma som Helsedirektoratet tilrår.

– Ja, vi er eit stykke unna norma for bemanning. Men eg vil også understreke at det går føre seg veldig mykje godt arbeid som vi er stolte av i Trondheim kommune, seier Pettersen.

– Norma er ei tilråding frå Helsedirektoratet, og vi har prøvd å forholde oss til den. Vi er no inne i ei vurdering av korleis vi skal greie å oppnå målet i norma, seier ho.

Midlar gjekk til fysioterapi og ergoterapi

Også i Trondheim har ein del av midlane som var tenkt til skulehelsetenesta og helsestasjonar brukt til andre føremål.

– Ein del av midlane gjekk til fysioterapi og ergoterapi, og det er yrkesgrupper som vi gjerne ser som del av den tverrfaglege skulehelsetenesta. Ein del av midlane har også gått til andre ting som vi også treng midlar til, og som i neste omgang støttar opp om desse tenestene, avsluttar kommuneoverlege Betty Pedersen i Trondheim.