Hopp til innhold

Fryktar å måtte avlyse julebord: – Det ville vore synd

Hotellbransjen kan miste viktige inntekter om det vert innført strengare tiltak i kveld.

Torstein Kristiansen Quality hotel Panorama.

Hotelldirektør Torstein Kristiansen ved Quality Hotel Panorama i Trondheim seier dei må avlyse om det vert innført krav om bordservering eller krav om ein meter avstand mellom folk i kveld.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Regjeringa har varsla nye og strengare tiltak som blir presentert på ein pressekonferanse klokka 19 i kveld. I den nye risikorapporten antydar FHI fleire tiltak utover vinteren.

NHO og Virke har allereie etterlyst ein nasjonal kompensasjonsordning for bedrifter med høgt omsetningsfall.

Ved Quality Hotel Panorama på Tiller i Trondheim håpar sjefen at regjeringa tar omsyn til næringslivet og lar dei gjennomføre julebordsesongen som planlagt.

– Eg har forståing for at det kjem nye tiltak no. Men kjem det krav om ein meter avstand eller bordservering så har ikkje vi moglegheit til å arrangere dei to fullbooka juleborda vi skal ha til helga, seier hotelldirektør Bjørnar Kristiansen.

Hotellet har praktisert godt smittevern gjennom dei siste fire helgene med julebord, fortel han.

– Det ville vore synd om den siste helga med julebord skulle ryke for vår del.

For julebordsesongen er svært viktig for hotell som Quality Hotel Panorama.

– Det er det som driv oss i november og desember, i tillegg til kurs og konferanse. Vi har betydeleg omsetning på mat og drikke og ikkje minst så skaffar vi oss godt renommé i byen for vidare drift, seier Kristiansen.

Omikron påvist i fleire fylke

Tysdag er det stadfesta totalt 29 positive koronaprøver med omikronvarianten i Noreg, viser nye tal frå Folkehelseinstituttet.

17 tilfelle er stadfesta i Oslo, åtte i Viken, to i Vestland, eitt i Trøndelag og eitt tilfelle har ukjent fylke, ifølgje FHI.

Dette er første gong at det er registrert omikronsmitte i Trøndelag. Tidlegare har det vore mistanke om smitte både i Trondheim og Steinkjer.

Rita Ottervik på kontoret sitt i Trondheim.

Ordførar i Trondheim Rita Ottervik (Ap).

Foto: Morten Karlsen / NRK

Kallar omikron ein joker

Ordførar i Trondheim Rita Ottervik (Ap) seier til VG at kommunen har vore gjennom ein kraftig kur den siste månaden og er budde til å fatte nye tiltak dersom det trengst.

– Vi har ikkje noko ønske om at statsforvaltaren eller staten gjør tiltak på vegner av oss lokalt basert på den lokale smittesituasjonen, seier Ottervik til avisa.

Ottervik seier samtidig at ho skjønner at det kjem nasjonale tiltak for å førebu seg på omikronvarianten.

– Eg føler at vi har brukbar kontroll på situasjonen akkurat no, men omikron er ein joker i dette som gjer at det er vanskeleg å bedømme. Eg håper at regjeringa held fram å stramme inn på innreise. Vi er urolege for innreise og importsmitte frå enkelte grupper arbeidskraft som kanskje ikkje er vaksinerte, seier Ottervik.

Omikronvarianten har på kort tid vorte stadfesta i fleire smitteutbrot i Oslo.

Les meir om utbrota i Oslo her:

Endringene i omikron

Omrikonvirus.

Foto: Gisaid