Hopp til innhold

Folk utan breiband

Alle som ikkje har fått breiband i Sør-Trøndelag må melde seg snarast.

Internett
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Det er fylkeskommunen som koordinerer breibandsutbygginga i Sør-Trøndelag. Målet er 100 prosent breibandsdekning og alle som ikkje har breiband må ta kontakt med fylkeskommunen.

- Vi treng hjelp frå kvar enkelt innbyggar i fylket for å finne ut kva område som ikkje har breibandsdekning. Dette gjeld både fastbuande og næringsliv. Alle må melde frå slik at vi får tette hola, seier fylkesordførar Tore O. Sandvik til NRK Trøndelag.

Knapp frist

Kommunane kartlegg no kva område som manglar dekning. Søknadsfristen er knapp, så difor treng fylkesordføraren no ein best muleg oversikt over kvar det er trong for å etablere tilgang til breiband, for så å jobbe vidare med saka.

- Folk må tak kontakt med Heidi Eide i fylkeskommunen, så skal dei bli losa vidare til rette vedkommande, seier Sandvik.

Får pengar frå styresmaktene

Fylkekommunen får økonomisk støtte frå sentrale styresmakter for å komme i mål med full breibandsdekning.

- Vi har hatt ei storstilt breibandsutvikling i Sør-Trøndelag og det er få stader som ikkje har dekning ennå. Men vi vil vere sikre på at vi ikkje trur at vi har 100 prosent dekning og så risikere at det er nokon som ikkje får ta del i det som etterkvart har blitt eit naturleg gode i eit moderne samfunn, seier Sandvik.