Hopp til innhold

Kåre Ingebrigtsen før Ajax: – Beste troppen vi har hatt så lenge eg har vore her

Torsdag er det duka for Rosenborg-Ajax på Lerkendal. Billettane er utseld, RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen meiner sjansane for siger er 50/50.

SOCCER-EUROPA-AJA-RBK/

I morgon møter Rosenborg nederlandske Ajax på heimebane.

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

– Før Amsterdam var det 80/20, men no har sjansane våre auka til 50/50, seier Ingebrigtsen.

I morgon er det klart for returoppgjeret til Rosenborg på Lerkendal. Førre veke vann trønderane 1–0 over Ajax i Amsterdam takka vere eit draumemål frå RBK-debutant Samuel Adegbenro. Nokre dagar i forkant bladde RBK opp nærare 30 millionar kroner, då dei kjøpte Anders Trondsen frå Sarpsborg 08 og Viking-spelaren Samuel Adegbenro.

– Med tanke på den breidda og kvaliteten vi ser i laget no vil eg seie at dette er den beste troppen vi har hatt så lenge eg har vore her, seier RBK-trenaren under dagens pressekonferanse i Trondheim.

Europa League - Playoffs âä“ Ajax Amsterdam v Rosenborg BK

Samuel Adegbenro scora på bortebane mot Ajax.

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Må angripe meir

Ingebrigtsen seier at dei kjem tilbake til Trondheim med eit godt resultat, men det betyr ikkje at dei kan ligge på latsida.

– Vi er nøydd å angripe. Ajax har mista nokre spelarar og slit litt med relasjonar, men det er frykteleg gode spelarar på laget, seier han.

Lagkaptein Mike Jensen er einig.

– Vi kan ikkje tenke at vi skal spele 0-0. Vi må angripe og overraske spelarane. Ajax er dyktige, så vi klarar ikkje å spele ein roleg kamp i 90 minutt, seier Jensen.

SOCCER-EUROPA-AJA-RBK/

Rosenborg vann 1-0 over Ajax på bortebane, noko som tek dei eit steg nærare gruppespel i Europaligaen.

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Billettane er utseld

Dersom Rosenborg spelar 0-0 mot Ajax, eller vinn kampen, er trønderane vidare til gruppespel i Europaligaen.

– Vi har utruleg lyst å møte meir europeisk motstand, og eg håpar vi er dyktige nok i morgon. Det vil vere ein opptur for norsk fotball dersom vi kjem oss inn i gruppespelet, seier RBK-trenaren.

Billettane til kampen er utseld, og Ingebrigtsen seier at både han og laget kjenner på spenninga:

– Kor tid er sist gong det var to utselde kvalifiseringskampar på Europa-nivå i Trondheim, spør Ingebrigtsen med eit smil.

Rosenborg møter Ajax på Lerkendal 20.45 torsdag denne veka.