Hopp til innhold

Flytryggleiken truga av hærverk

Avinor er uroa for flytryggleiken etter at uvedkomande har brote opp bommen og tatt seg inn på eit avstengt område på i Stjørdal.

Avinors fly
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Forbordsfjellet er stengt for biltrafikk fordi det ligg eit antenneanlegg der som er viktig for flytrafikken på Værnes.

- Det er uheldig at køyretøy køyrer inn og parkerer ved signalanlegget vårt på Forbordfjellet, seier driftssjef i Avinor, Hans Hogstad til NRK Trøndelag.

Øydelagt tre gonger

Ifølge Stjørdalens Blad fører ferdsel med bil på toppen av Forbordsfjellet til feilsignal og utkoplingar av navigasjonssystemet som flya brukar på veg til og frå Værnes.

Bommen som Avinor har sett opp for å hindre ferdsel i dette området er broten opp for tredje gong.

- Flya lander og tek av like sikkert, men det er eitt av systema som er ute av drift. Det gjer at flya må nytte seg av andre system rundt, seier Hogstad.

Kraftigare bom

Avinor skal sette opp ein ny og kraftigare bom. Samstundes ber dei om at forbodet blir respektert.

- Vi håper oppslaga i media kan ha føre til at det blir mindre av dette i framtida, legg Hogstad til.