Hopp til innhold

Flott helg med spektakulær køyring

Løpsleiar Mikal Johnsen er godt nøgd etter helgas Noregscup i Offroad Formula 1 på Ler utanfor Trondheim.

Video fra Offroad Formula 1 på Ler

Noregscup i Formula Offroad på Ler i helga.

– Det har vore ei flott helg med dyktige deltakarar og funksjonærar, seier Johnsen.

Runde 3 og 4 i Noregscupen i Formula Offroad vart køyrt på Ler utanfor Trondheim i helga. Arrangementet hadde 11 deltakarar frå Noreg, Finland og Russland.

Johnsen er også nøgd med publikums-oppmøte.

– Me har hatt 600-700 tilhøyrarar kvar dag. Det er veldig bra med tanke på det skiftande veret.

Uheldig

Arne Johannessen var med i klassen Unlimited i helga. Han var passe nøgd med 5.plassen, men fekk pris for lengste hopp.

– Det var 7 deltakarar i mi klasse. Såleis var eg ikkje særskilt nøgd med ein 5.plass, men eg hoppa 25 meter med bilen og fekk pris for det, fortel Johannessen.

Han fekk motortrøbbel på laurdag, drivakselbrot søndag, køyrte eit dekk av felgen og hadde eit par velt under konkurransen.

– Det var mykje publikumsvennleg-køyring for å seie det slik.

God banekvalitet

Løpsleiar Mikal Johnsen fekk gode tilbakemeldingar på banene.

– Deltakarane var veldig nøgde. Den største utfordringa var å lage dei vanskelege nok. Kvaliteten på dei førte til spektakulær køyring, fortel han.

Resultatlister

Modified, Laurdag:

1. Jørgen Poulsen

2. Roger Fossen

3. Sigurjon Gudmarsson

4. Christian Jensen

Unlimited, Laurdag:

1. Martin Michaelsen

2. Tommi Loytynoia

3. Tor-Egil Thorland

Unlimited, Søndag:

1. Pål Belsvik

2. Tor-Egil Thorland

3. Tommi Loytynoia

4. Martin Michaelsen

5. Arne Johannessen

6. Kjell Magne Rimstad

7. Joakim Knudsen

Modified, Søndag:

1. Jørgen Poulsen

2. Roger Fossen

3. Christian Jensen

4. Sigurjon Gudmarsson