Hopp til innhold

Fleirtalet i retten ville døme tiltalte – vart stoppa av lova

Lagmannsretten ville døme tiltalte for trugsmål mot politiet. Mannen i 50-åra frå Gudbrandsdalen kan takke straffeprosesslova for at han slepp fengsel.

Storgata i Molde

Mannen vart arrestert i Storgata i Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han var tiltalt for både trugsmål og skjellsord mot offentleg tenestemann etter paragraf 155 og 156 i straffelova.

I godt humør og spelte musikk frå medbragt DAB-radio

Det var ein laurdagskveld i fjor sommar at mannen i 50-åra var ute på byen i Molde sentrum. Ifølgje han sjølv var han i godt humør og spelte musikk frå ein DAB-radio han hadde med seg.

Etter ein verbal krangel med nokre ukjende menn sette politiet på han handjarn. Det likte mannen dårleg og kjende seg urimeleg behandla.

På veg til arresten sparka han i bildøra og vart «frådande sint». Basert på forklaringane frå dei to politifolka sa tiltalte under køyreturen at han skulle ta politimannen, skyte han og finne ut kven dei var.

På det tidspunktet bestemte den eine betjenten seg for å gjere opptak på telefonen sin. Etter det roa mannen seg ned. Inntil dei kom til arresten.

Der skal han ha truga begge politifolka igjen, kvar for seg. Men då vart det ikkje gjort noko opptak.

Usemje i lagmannsretten

Då tiltalte møtte i Frostating lagmannsrett i mai, var det etter krav frå Statsadvokaten i Møre og Romsdal. For tiltalte vart frifunnen i Romsdal tingrett i fjor haust. Også der var det usemje.

Domaren ville døme tiltalte skuldig, mens dei to meddomarane frifann han på begge tiltalepunkta. Påtalemakta meinte retten hadde vurdert bevisa feil og anka domen.

I Frostating lagmannsrett la aktor la ned påstand om 21 dagar i fengsel og fem tusen i sakskostnader. Lagmannsretten bestod av sju personar i såkalla meddomsrett. Eit fleirtal på fire meinte tiltalte var skuldig basert på det polititenestemennene forklarte og på lydopptaka. To av dei fire var lagdomarane.

Men fleirtalet vart stoppa av lova. Nærare bestemt av paragraf 35 i Straffeprosesslova

Der står det at det trengst minst fem stemmer for å kjenne nokon skuldig. I motsett fall skal tiltalte frifinnast.

§ 35. Avgjørelse av skyldspørsmålet til ugunst for siktede krever i lagmannsrett fem stemmer. Av disse skal minst én avgis av en fagdommer.

Dei tre andre, alle meddomarar, viste til at det ikkje kunne høyrast noko trugsmål frå tiltalte på lydopptaket frå cellebilen. Dermed stod påstand mot påstand om kva som vart sagt før lydopptaket starta, meinte mindretalet.

Som altså var stort nok til å frifinne tiltalte.

Norges Lover

Straffeprosesslova seier at minst fem av dei sju i ein meddomsrett må meine at tiltalte er skuldig for at han skal kunne dømast.

Foto: NRK

Kvalifisert forulemping

Derimot var lagmannsretten samde om at han skulle dømast for skjellsorda.

I retten vedgjekk tiltalte å ha kalla politifolka mellom anna «jævla dust» og «psykopat». Også lydopptaket frå transporten til arresten underbyggjer dette, går det fram av domen.

Byturen i Molde enda dermed med ei bot på ti tusen kroner. Utskjellinga varte nokre timar og det var mange krenkande skjellsord. Eller som lagmannsretten formulerer det:

«Forulempingen var således ganske kvalifisert.»