Hopp til innhold

Fleire vil undervise i realfag

Dobbelt så mange vil ha lærarutdanning på masternivå i realfag.

Realfagbygget på Gløshaugen i Trondheim

Stadig fleire vil til Realfagsbygget på Gløshaugen ved NTNU.

Foto: Tor Beisvåg

- No kan vi endelig slå fast at mange års systematisk satsing for å auke interessa for realfag blant ungdommen gir resultat, seier rektor ved NTNU, Torbjørn Digernes.

Stadig auke

For tredje år på rad peiker pila for søkjartala til realfag oppover. Denne gongen med heile 20 prosent. Denne gongen har det også verte populært å ville undervise i realfag. Talet på søkjarar til masternivå i realfag er nesten dobla. Eit behov som er stort for lærestadane.

Også Høgskulane i fylket hadde fleire søkjarar. Høgskulen i Nord-Trøndelag hadde 14 prosent fleire søkjarar. Av dei mest søkte var lærarutdanninga . På Hogskulen i Sør-Trøndelag har søkjinga til lærarutdanninga auka med heile 40 prosent.

Ønskjer fleire plassar

Medan det er svak nedgong i tradisjonelle sivilingeniør-fag på NTNU er det auke innan data, elektronikk og nanoteknologi.

NTNU-rektor Torbjørn Digernes
Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

- Nokon av dei største utfordringane vi har på kloden i dag er knytte til klima og behovet for berekraftig energi, seier Digernes.

Han ønskjer seg fleire studieplassar for teknologistudentane.

For lite jenter

Men ikkje alt går oppover. Talet på jenter som søkjer seg til teknologi og realfag har flata ut etter fleire år med auke.

- Det er gledelig med framleis gode tal, men eg skulle gjerne sett ei sterk auke i talet på jenter i år også, seier NTNU rektoren.

Rekordmange

I fjor passerte søkjartala til NTNU for første gong 10 000. I år søkte eit halvt tusen til. Noko som fører til at nesten 11 000 søkjarar skal konkurrere om studieplassane. Det er ei auke på 6,6 prosent frå i fjor.