Hopp til innhold

Fleire ulukker på glatta

Nødetatane har hendene fulle med ulukker på glatta i Trøndelag i kveld. Den siste timen har dei meldt om fleire ulukker. Politiet har rykka ut til ei utforkjøring på E6 sør for Støren sentrum. Ingen personar skal vere skadde der. Politi og brannvesen har også rykka ut til ein bilbrann på E6 ved Dampsaga, også der vart det ikkje meldt om personskade. Litt seinare melder politiet i Trøndelag om ein samanstøyt mellom ein brøytebil og ein personbil på fylkesveg 763 langs Snåsavatnet og at eit vogntog sperrar vegbana på Nærøy. Også desse ulukkene skal ikkje ha ført til personskadar.