Hopp til innhold

Fleire øykommunar går no til opprør for å støtte Leka

Den vesle øykommunen Leka står i fare for tvangssamanslåing. Ordføraren omtalar det heile som trist og nedbrytande, og set utruleg pris på at fleire øykommunar no slår seg saman for å støtte opp om Leka.

Per Helge Johansen

Ordførar i øykommunen Leka i Nord-Trøndelag, Per Helge Johansen, forstår ikkje kvifor øykommunen skal tvangssamanslåast.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Kommunen er motoren i utviklinga av samfunnet, og det er ingen grunn til samanslåing slik vi kan sjå det, seier Per Helge Johansen, ordførar i Leka kommune.

Kommunesamanslåing ynskjast ikkje av politisk leiing, administrativ leiing, næringsliv eller lokalbefolkning. Dette er det første punktet som står skrevet i eit felles fråsegn frå 10 øykommunar i Norge. Dei har slått seg saman for å støtte opp om Leka kommune.

– Det er veldig trist å oppleve at ein i Norge i 2017 vert behandla så respektlaust. Vi føler ikkje at vi vert høyrd, seier Johansen.

Han er i dag i Oslo for å møte fleire andre øykommunar, nettopp fordi dei ikkje har gitt opp Leka. Fråsegna vil bli sendt til kommunaldepartementet, og saka skal behandlast i Stortinget 8. juni.

Håpar på ein siger for demokratiet

10 øykommunar slo seg i 2014 saman for å dokumentere den særskilde situasjonen som er hos eit øykommunesamfunn. Leka er den einaste av desse 10 som er foreslått tvangssamanslått, noko som for Johansen og dei andre ordførarane er ubegripeleg.

Ordførarar og rådmenn i øykommunegruppa

Her er ordførarar og rådmenn frå dei 10 ulike kommunane samla i Oslo.

– Vi er høflege og saklege, og håpar partia vil sjå over saka på nytt. Dersom dei snur hadde det vore ein siger for demokratiet, seier ordføraren i Leka.

Han legg skulda på kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, regjeringa, det norske folkestyre og Stortinget - og meiner eit land som Norge skal ha pengar til å støtte opp sårbare kommunar som Leka. Sanner ynskjer ikkje å gå inn på omtale eller vurderingar av enkeltkommunar foreløpig.

Lokalt på Leka ser ein langt fleire og sterkare negative effektar av samanslåinga enn positive. Mangel på legevakt, fastlege, avstandsproblem med tanke på mellom anna pendling er nokre av argumenta som kjem fram i fråsegna.

Fryktar sentralisering og fråflytting

Fråsegna er no skriven under av dei 10 øykommuneordførarane, og blir sendt vidare til kommunaldepartementet. Johansen seier at han vil halde fram å kjempe så lenge han er ordførar, og han er stolt over engasjementet folk har vist.

– Det fossa inn med støtteerklæringar, og sjølv om vi er ein liten kommune viser det berre at ei lita tue kan løfte eit tungt lass, seier han.

Leka skal ha folkemøte 28. mars, og Johansen håpar at kalde, harde fakta vil overbevise politikarane. Viss ikkje vil ordførarstillinga på Leka forsvinne, og dermed Johansen sin jobb:

– Ordføraren er den som skal vere eit talerøyr utad, og som skal representere demokratiet for å delta i utforminga av Norge som nasjon. Blir det tvangssamanslåing blir sentralisering og fråflytting resultatet, seier han.