Hopp til innhold

Fleire misbrukar ID-papir i Noreg

I Noreg er bruken av falske pass og ID-papir eit aukande problem. Politiet i Sør-Trøndelag har vore på skulebenken i to dagar for å lære seg og avsløre falske pass og ID-dokument.

Pass og billetter

Fleire og fleire misbrukar pass og ID-dokument i Noreg.

Foto: Tor Risberg / NRK

Ingar Sørvik

Ingar Sørvik jobbar med vakt og beredskap ved Sør- Trøndelag politidistrikt. Han prøver å bli betre på å avsløre falske pass og ID-dokument.

Foto: Ole Marius Trøen

– Eg mistenkjer at denne setelen er ekte, seier Ingar Sørvik, som jobbar med vakt-og beredskap i Sør-Trøndelag politidistrikt.

Sørvik ser godt på den norske setelen og finn fleire kjenneteikn på at den er ekte.

– Setelen har blant anna mikroskrift. Det er ein klar indikasjon på at setelen er ekte.

Han er ein av 25 politimenn-og kvinner som denne veka har satt seg på skulebenken på Sentrum politistasjon i Trondheim for å lære korleis dei skal avsløre falske pass og andre ID-papir.

Aukande problem

Han meiner det ikkje er så vanskeleg å finne ut om ein setel er ekte eller ikkje.

– Det er ikkje nødvendigvis så vanskeleg berre ein har tid til å sette seg ned og sjå etter dei kjenneteikna som skal vere på setelen.

Den siste rapporten frå Nasjonalt ID-senter viser at det vart avslørt 764 ulike typar misbruk av ID-dokument og pass i 2013. Til saman 659 personar stod for misbruket.

Det er heller ingen grunn til å tru at det kjem til å bli mindre misbruk i åra som kjem, seier Hanne Tannvik Svendsen, seniorrådgivar i Nasjonalt ID-senter.

– Tala frå 2013 viser dei me har klart å avsløre, men heile utlendingsforvaltningen trur det er store mørketal her, seier ho.

Men utanlandske setlar og pass kan vere meir utfordrande.

– Me veit jo ikkje heilt korleis eit ekte utanlandsk pass skal sjå ut. Så der kan me møte ei utfordring,men forhåpentlegvis kjem færre til å klare å lure oss, seier Sørvik.

Kvaliteten er varierande

Solvor Aarsland

Det kan vere vanskeleg å sjå forskjell på ekte og uekte utanlandske pass, seier kurshaldar Solvor Aarsland.

Foto: Ole Marius Trøen

– Kvaliteten på dei falske passa og dokumenta varierer veldig, seier dokumentgranskar og kurshaldar, Solvor Aarsland.

Aarsland jobbar ved Nasjonalt ID-senter og reiser rundt for å halde kurs. Ho deler ut både falske og ekte pass til deltakarane. Ho fortel at målet er å auke kompetansen til politiet.

Men det kan vere vanskeleg utan dei rette forkunnskapane.

– For ein person som ikkje er van med å lese dokument og berre får eit førarkort i handa kan det vere vanskeleg å sjå om det er ekte. Men dersom ein veit kva som er dei vanlegaste kjenneteikna på falske dokument er det til stor hjelp, seier ho.