Kristine (23) vart skadd i massevelt: – Det er livsfarleg å sykle der

Fire personar fekk brot i nakken og éin person fekk kompresjonsbrot i ryggen i sykkelvelt ved ei bru i Trøndelag. No beklagar fylkeskommunen.

Kristina Adolfsen (23) Svolvær. Hun lå nummer to i feltet. Hun husker ikke noe fra selve velten.

STERKT FORSLÅTT: Kristine Adolfsen knakk ein finger, fekk hjerneristing og ein sterkt forslått kropp i sykkelvelten i Steinkjer på fredag.

Foto: Tariq Alisubh / NRKFoto: Tariq Alisubh / NRK

– Alt gjekk bra fram til den brua, seier Kristine Adolfsen (23).

Ho og dei andre frå laget Team Rynkeby Arctic var fredag på veg mot målet i Trondheim, da det vart bråstopp på ei bru ved Malm i Steinkjer.

– Eg hugsa ikkje så mykje etter det, seier Adolfsen.

Men ho hugsar at ho låg som nummer to i feltet då dei skulle krysse brua.

Personen framfor ho køyrde hjulet sitt fast i ei rille i bruovergangen, som bindar brua til land.

– Heile hjulet hans gjekk gjennom rilla og stod igjen. Sykkelen vart nærmast rive i to.

Bak dei kom 26 andre personar syklande i høg fart.

Riller på Beitstadsundbrua

KILTE SEG FAST: Syklisten som låg først i feltet kilte hjulet sitt fast i desse rørlege spora på overgangen mellom land og Beitstadsundbrua, det førte til ein massiv sykkelvelt.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Fire brakk nakken, ein brakk ryggen

Fleire på det nordnorske sykkellaget som syklar for barnekreftsaka blei skadde i massevelten på fredag.

Adolfsen vart saman med sju andre sendt til sjukehus.

Ein av syklistane vart så alvorleg skadd, at personen vart frakta raskaste veg til sjukehus, med luftambulanse.

Kristina Adolfsen (23) Svolvær lå som nummer to i feltet. Hun husker ikke noe fra selve velten. I dag var hun på sykehus for å få sjekket bruddet i hånda.

STERKT FORSLÅTT: Kristine Adolfsen knakk ein finger, fekk hjerneristing og ein sterkt forslått kropp i sykkelvelten i Steinkjer på fredag.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Også i fjor vart ein person alvorleg skadd på same bru. Adolfsen har følgjande å seie om brua.

Det er livsfarleg å sykle der, seier ho.

Ifølgje lagleiar Rainer Jakobsen fekk fire personar brot i nakken i ulukka. Ein person fekk kompresjonsbrot i ryggen, fleire fekk hjerneristingar, braut ribbein og fekk kuttskadar i ulukka.

Alle dei skadde er no utskrivne frå sjukehus.

Kristina Adolfsen reiser straks heim til Kabelvåg med knekt finger, hjerneristing og ein sterkt forslått kropp.

Ho er framleis motivert for å sykle med Team Rynkeby igjen neste år.

– Eg kjem til å sykle med dei igjen, for alle ungane og familiane som blir ramma av barnekreft, men ikkje over den brua der, seier ho.

Fylkeskommunen beklagar

Måndag kveld beklagar Trøndelag fylkeskommune hendinga. I ei pressemelding skriv dei, at dei ønskjer å støtte barnekreftsaka, som Adolfsen sykla for.

Fylkeskommunen seier dei byrja arbeidet med å gjere brua tryggare etter ulukka i fjor.

Tysdag ettermiddag hadde dei fått laga eit skilt som varslar fare, med underskilt «ulykkespunkt».

I løpet av dei neste dagane vil det også vegbana bli merka betre.

Fareskilt settes opp ved Beitstadsundbrua etter massevelt. Under fareskiltet, står det et underskilt med teksten "ulykkespunkt"

NYTT SKILT: Fire dagar etter, fekk ulykkesbrua fareskilt.

Foto: Solvår Flatås / NRK

Dette er eit av fleire tiltak fylkeskommunen gjør for å førebyggje. Dei prøver å finne ei løysning på bruovergangen, som skal gjere den tryggare for alle som skal ferdast der.

Men det er utfordrande å gjere det utan å skape nye farar. Det har kome forslag om å legge på ei heildekkande plate på overgangen. Fylkeskommunen fryktar at ei slik plate kan losne. Dei fryktar og at endringar vil føre til høgdeforskjellar ved overgangen, fortel vegdirektør Eva Solvi.

– No har vi ikkje ei opplagt løysning, men det skal vi finne ut av, seier ho.

Resten av sykkellaget Team Rynkeby Arctic sykler videre etter massevelten ved Beitstadsundbrua

SYKLA VIDARE: Resten av sykkellaget «Team Rynkeby Arctic» syklar frå staden etter ulukka på Beitstadsundbrua. På hotellrommet same kveld, bestemte dei seg for å fullføre turen til Trondheim. Dei var framme der på laurdag.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Siste fra Trøndelag