Hopp til innhold

Fleire hus blir evakuerte

Fleire hus er evakuert ved Kvål i Melhus på etter kraftig lokalt regnvêr. Det var litt etter klokka 23 søndag politiet meldte om akutt flaum.

Oversøvølmmelse Kvål

Kraftig regnvær har ført til flaum ved Kvål i Melhus. Først var det mykje overflatevatn som ikkje hadde nokon stad å gå, og så gjekk også ein bekk over sine breidder.

Foto: Ståle Tonning / NRK

Det unormalt kraftige regnveret har ført til akutt flaum.

– 10 til 12 hus er anten blitt evakerte eller i ferd med å bli evakuerte, opplyser operasjonsleiar Arnt Harald Åslund hos politiet til NRK.

Flaum ved Kvål
Foto: Joar Elgåen / NRK

- Vi prøver å setje opp sperringar for å hindre at folk køyrer seg inn i området, det kan vere utrygge vegar, seier han.

Det er i området Kvålsvegen - Bennavegen det er verst. Både brannvesenet, helse og politi er på plass.

Vannet flommet inn i husene i natt.

Vannet flommet inn i husene i natt.

– Vi kjem til å vere der utover natta, seier Åslund.

– Dette er andre gongen på to år, seier Rune Svårkås er er redd kjellaren på huset hans er totalskada.

Kvål Melhus

Det var eit voldsomt regnver som førte til mykje overflatevatn, og så at ein bekk gjennom over breiddene.

Foto: Ståle Tonning / NRK

– Det var eit voldsomt regnver. Og så såg eg at det kom opp vatn frå slukane, og eg sprang tilbake for å redde ting i kjellaren. Men når eg kika ut såg eg at vatnet kom over gårdsplassen. Slukane hadde gått tett og eg fekk all kloakken frå heile grenda inn i kjellaren, seier Svårkås.

– Korleis ser det ut nede i kjellaren no då?

– Det er totaltskada i kjellaren, alle romma er skada.

Dei siste opplysningane frå politet går ut på at i alt 13 hus no er evakuerte.

Bekk Kvål Melhus

Hans Hokseggen ved bekken som som vanlegvis er ein liten bekk, som igjen har gått over sine breidder.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Ein av dei andre evakurerte er Johan Hokseggen, som også er leiar i veglaget grenda.Det gjeld Kåsenvegen som går oppover mot Benna.

– Det var eit voldsomt regnvêr, ei blanding av regn og hagl, eg trur ikkje eg har sett noko liknande, seier Hokseggen.

Bilde flaum Kvål
Foto: Joar Elgåen / NRK

Det var gjort på fem minutt, det fossa ned, og dermed så stoppa alt.

Han står attmed ein bekk som har fløymt over, og det er ein «villbekk» som han kjenner til frå før.

Flaum Kvål
Foto: Joar Elgåen / NRK

– Det er som forventa, for det er for dårleg kapasitet som røyra som går under vegen. Og det er kommunen heilt oppmerksom på. seinasts i marsvar naturskadeavdelinga i kommunen på plass her, og var einig med oss i at det er for dårleg.

13 hus måtte evakueres etter det voldsomme regnværet.

13 hus ble evakuert etter det voldsomme regnværet.

Han seier at det lenger opp er nokre hus som nettopp er resaurerte etter forrige flaumskade. No sår kjellarane full av vatn igjen, fortel Hans Hokseggen, som trur at berre skadane på vegen no fort kjem opp i 50-100.000 kroner.

Flaum ved Kvål i Melhus

Politi og brannvesen kjem til å arbeide i flaumområdet utover natta.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Klokka eitt natt til mandag er situasjonen at minst 7 hus er evakuerte, og fleire vil bl det i løpet av natta. Eitt hus står i fare for å bli tatt av vatnet.

Det har på dette tidspunktet slutta å regne.

– Men det skal ifølgje meteroolgar auke på igjen frå klokka 02 i natt, og auke på endå meir seinare på natta, seier innsatsleiar Solveig Kristin Eide på staden.

Oversvømt leilighet

Slik ser det ut i ei av de oversvømte leiligheitene.

Foto: Joar Elgåen / NRK

– Vi er på plass med mykje resursar og skaffar oss fullstendig oversikt og ivaretar dei som alt er evakuert seier ho.

– Dette er jo område med kvikkleiere, er det ein av grunnane til at de evakuerer?

– Ja, vi må vurdere situasjonen. Vi ventar på ein geolog no for at det skal bli gjort undersøkelsar. Vi må ta forholdsreglar og det må no bli gjort undersøkelsar av jordsmonnet her.

Flaum Kvål
Foto: Joar elgåen + / NRK