– Han sa at han trong pengar til mat og tok meg med inn i butikken. Men han putta veldig mykje anna i handlekorga, seier Torgrim Stranden.
Torsdag ettermiddag vart tenåringen svindla for 2800 kroner i ein Coop Extra-butikk i Rissa i Indre Fosen i Trøndelag.
Svindelen starta med at ein mann som ikkje snakka norsk vende seg til ungdommen inne på eit kjøpesenter. Mannen hadde ein plakat der det stod at han trong hjelp.
– Eg fann etter kvart ut at han var ikkje berre svolten, seier Stranden.
Torgrim er ein av fleire som har vorte lurt dei siste dagane av personar som nyttar medkjensle som verkemiddel.
– Dei speler på samvitet. Det er enklare å få folk til å kjøpe mat enn å gi pengar, seier operasjonsleiar Fiola Elverum i Trøndelag politidistrikt til NTB.
Lurer eldre og yngre
Politiet viser til at det har vore fleire tilfelle av same type svindel som den Torgrim opplevde fleire stader i landet.
Svindelen i Rissa skjedde ved Norheim kjøpesenter.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrkDet er særleg eldre og yngre personar som har vorte lurt.
– Dei spør framande om dei kan kjøpe mat for dei på butikkar. I tidlegare tilfelle har dei drege tilbake for å levere maten tilbake for å få pengar, seier Elverum til NTB.
– Eg prøvde å gå forbi han og seie at eg ikkje hadde pengar. Men han peika på munnen sin og sa at han var svolten. Eg sa ikkje ja – eg vart berre med, seier Torgrim.
Mannen handla mellom anna mykje ullklede og sjampo, og då dei kom til kassa måtte Torgrim overføre pengar frå sparekontoen sin for å ha råd til å betale for mannen.
– Eg tenkte å seie nei til han. Men eg visste ikkje om han faktiske trong hjelp eller om han laug. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere, så det vart til at eg betalte, seier Torgrim.
Torgrim fekk ordna med kvittering på handelen han måtte betale, men mykje tyder på at han ikkje får pengane tilbake.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrkGa ein klem og forsvann
– Det er ikkje bra. Det er ikkje slik det skal vere på butikkar. Eg håpar det ordnar seg, seier Alexander Vikdal Sand ved Coop Extra Rissa.
Han synest det er trist at Stranden vart lurt.
– Det var eg som stod i kassa, men det var ikkje teikn til dette. Eg synest synd på han, det gjer eg, seier Vikdal Sand.
Då varene var betalte, ga den framande mannen Torgrim ein klem og vart borte.
– Vi gjekk litt til og han ga meg ein klem og tok meg i handa. Så forsvann han og eg har ikkje sett han etter det, seier Torgrim.
Etter at mannen forsvann, oppdaga 16-åringen at ei dame sat på kjøpesenteret med same plakat som mannen hadde hatt.
Då forstod han at han hadde vorte lurt.
– Då skjønte eg at dei bytte på. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, seier Torgrim.
Alexander Vikdal Sand ved Coop Extra i Rissa synest det er leitt at det skjer svindel i butikken.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrkPolitiet fann ingen
Han ringde heim til foreldra sine, og kontakta deretter politiet.
Heldigvis hadde Torgrim bede om kvittering i kassa. Mannen ville først betale ved den sjølvbetente kassa, men tilfeldigvis var den tom for papir.
Torgrim kunne vise politiet kvitteringa.
Då politiet kom til butikken var begge dei to med plakaten forsvunne.
– Dette er ikkje noko nytt, difor ønskjer vi at folk skal vere meir påpasselege og merksame på ei slik type tilnærming, seier Elverum til NTB.
Politiet ber folk vere påpasselege og merksame. Politiet i Rissa vart kontakta om svindelen her.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrkMorsmjølkerstatning og ulltøy
Der hadde også personane fått eldre til å betale for kostbare varer som ulltøy og morsmjølkerstatning.
For Torgrim sin del, ser det ut til at pengane er tapte.
– Kva tenkjer du om at fleire har opplevde det same?
– Det er irriterande. Eg misser meir enn eg eigentleg skulle. Eg tenkte det var berre nokre hundrelappar, men det vart mykje meir.
Det er ikkje berre her ved Coop Extra i Rissa at denne typen svindel har skjedd.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk– Korleis kjennest det no?
– Det er litt ekkelt at du prøver å vere snill, og at dei bruker deg for noko anna. Det finst folk frå andre land som faktisk er fattige. No er det vanskeleg å vite kven som faktisk er fattige og kven som har lyst på pengar, seier Torgrim.
Fredag vart det kjend at Torgrim vil få pengane tilbake frå Coop Extra i Rissa. Dei ynskjer ikkje at han skal bere byrden for svindelen.
Til info: Den eine reporteren i saka er i familie med Torgrim Stranden.