Hopp til innhold

Fleire grisar med svineinfluensa

To nye svinebesetningar, ein i Nord-Trøndelag og ein i Hedmark, er smitta av svineinfluensaen.

Gris
Foto: Mattilsynet

Det opplyser Mattilsynet torsdag ettermiddag.

I alt er det 37 svinebesetningar som no er smitta av svineinfluensaen.

Mattilsynet fekk i ettermiddag to nye positive prøvesvar frå Veterinærinstituttet. Av dei 37 besetningane som er smitta, tronar Nord-Trøndelag på toppen med 23 besetningar.

  • Nord-Trøndelag: 23
  • Rogaland: 7
  • Sør-Trøndelag: 2
  • Buskerud: 2
  • Hedmark: 2
  • Akershus: 1

Trygt å ete svinekjøt

Det er ingen fare å ete svinekjøt. Svineinfluensaviruset smittar ikkje via matvarer og du kan heller ikkje få influensaen av å ete svinekjøt eller andre produkt av svin.

Svinebønder blir bedt om å ta ansvar for eigne besetningar, for å avgrense at smitten skal spreie seg.

Her er det sjuke grisar:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.