Hopp til innhold

Tre personar flydd med luftambulanse til sjukehus etter ulukke i Orkland

Politiet beskriv ulukka som alvorleg. Vegen var stengt i fleire timar.

Ulykke i Orkland

Trafikkulukke i Orkland.

Foto: Morten Karlsen / NRK

  • Siste: Politiet er ferdig med kriminalteknisk undersøking på staden. Utifrå skadegrad på dei involverte er det ikkje behov for ulukkesgruppa. Bilberging er bestilt, skriv Trøndelag politidistrikt klokka 13.36.

Tre personar skal ha blitt skadde i det dei omtalar som ei alvorleg i trafikkulukke Geitastrandvegen i Orkland i dag tidleg.

– Det er tre personar som blir frakta med luftambulanse og redningshelikopter til traumemottaket på St. Olavs hospital. Vi har inntrykk av at ein av dei er meir skadde enn dei to andre, men kor skadde personane er, er framleis ukjent for oss, seier operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Vegen var stengt i fleire timar.

Luftambulanse og andre nødetatar rykka ut til staden då dei fekk melding om at fleire bilar, blant anna ein minibuss, skulle ha krasja.

Ni personar, fordelt på tre køyretøy viste seg å vere involvert. Ein airbag vart utløyst under ulukka og det var glatt på staden. Politiet veit ikkje meir om årsaka til ulukka måndag føremiddag.

– Personane blir undersøkt vidare av helse. Ein av personane vart kasta framover og trefte frontruta med hovudet og fekk dermed skadar i hovudet, seier Bergstrøm.