Hopp til innhold

Filma og delte Snapchat-video av eit par som hadde sex

To 16-åringar er dømd for å ha filma eit par medan dei hadde sex, og deretter spredt videoen på tenesta Snapchat.

Snapchat

To 16-åringar filma ein 10-sekunders lang video på Snapchat, som dei skal ha sendt til minst seks personar.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Sikta domfellast altså for opptak, besittelse og deling av seksualisert framstilling av born, heiter det i rettsavgjerda.

To 16-åringar filma ein 10-sekunders lang video på Snapchat, som dei skal ha sendt til minst seks personar. Videoen skal ha vist dei fornærma sine ansikt medan dei gjennomfører samleie. Dei sikta skal ha vore i besittelse av minst sju filmar av samleiet, mellom anna ein film på nærare eit minutt. Det var Adresseavisen som først omtalte saka.

Dei to 16-åringane har tilstått forholdet, og dømmast til 45 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Dersom dei ikkje gjennomfører samfunnsstraffa vil dei få fengselsstraff på 45 dagar.

Kan ha vore ruspåverka

Hendinga skal ha funne stad i samband med ein fest, men eventuell ruspåverking sjåast ikkje på som formildande omstendigheiter. Det er derimot skjerpande at dei var to stykker under filminga, og at begge 16-åringane var tilstades under filminga og delinga i sosiale medier.

I dommen står det at spreiing av bilete og filmar med krenkande innhald på internett og i sosiale medier er eit betydeleg problem, særleg i ungdomsmiljøer.

Forholdet sin grovheit tilseie eit klart utgongspunkt for ubetinga fengselsstraff, men retten kom fram til at det var riktig å reagere med samfunnsstraff ettersom begge dei sikta er mindreårige.

Ser ein aukande tendens

Jan Erik Haugdal, leiar for den forebyggande gruppa på Sentrum politistasjon i Trondheim, seier at dei ser ei auking av slike saker.

– Det er ein aukande tendens at seksuell aktivitet blir filma og delt. Det er heldigvis ikkje vanlege saker hos oss, men kvar hending av denne typen er ein for mykje.

Jan Erik Haugdal

Politioverbetjent Jan Erik Haugdal fortel at dei ser ein aukande tendens av slike saker.

Foto: Øivind Olsson / NRK

Haugdal seier at grunna den teknologiske utviklinga ser dei ei generell auke av uønska filming og fotografering. Det kan vere valdsepisodar, lettkledde personar, nakenheit og seksuell aktivitet.

– Teknologien idag gir mange moglegheiter til å krenke andre gjennom foto og film. Slike hendingar startar ofte med ubetenksomheit, og folk ser på det som moro. Dei gløymer å tenke over konsekvensane for dei sjølv og dei fornærma, seier politioverbetjenten.