Hopp til innhold

Fengselsleiar beklager feilinformasjon til media

Ein innsett i Trondheim fengsel bad om videoopptak etter at han meinte han vart utsett for vald av ein tilsett. Fengselsleiaren opplyste til NRK at opptaka vart sletta etter to dager. No beklager han feilinformasjonen.

Trondheim fengsel

Ein innsett i Trondheim fengsel bad om videoopptak etter at han meinte han vart utsett for vald av ein tilsett

Foto: Marit Langseth / NRK

Det går fram av eit svar frå fengselsleiar Egil Gabrielsen til Datatilsynet. Det var i mai saka vart kjent gjennom NRK. Datatilsynet bad om ytterligere opplysninger om praksisen for sletting av videoopptak i Trondheim fengsel.

Egil Gabrielsen

Fengselsleiar Egil Gabrielsen beklager feilinformasjonen han ga til media.

Foto: Roger Myren / NRK

Regelverket pålegg mellom anna fengsel å slette opptak etter sju dager, om ikkje det er grunn til å tru at opptaka inneheld opplysninger som kan bli gjenstand for etterforsking.

Gabrielsen opplyste til NRK i mai at opptaka vart sletta etter to dager. I brevet til Datatilsynet skriv han at det han sa viser seg å ikkje være basert på fakta. Etter å ha undersøkt saka nøye, viser det seg at opptaka vart sletta automatisk etter sju dager som normalt, opplyser Gabrielsen.

Han avviser dermed at opptaka vart sletta manuelt, noko berre den IT-ansvarlege i fengselet har høve til å gjøre.

Beklager at kravet frå den innsette ikkje vart fulgt opp.

Den innsette kravde, via advokat, innsyn i opptaka to dager etter og bad om at dei ikkje måtte slettast fordi dei inneholdt bevis for validen.

Fengselsleiar Gabrielsen vedgår og beklager at fengselet her har gjort ein saksbehandlingsfeil ved å ikkje sikre at opptaka vart tatt vare på.

– Ikkje gode nok rutiner i Trondheim fengsel

Marit Lomundal Sæther er advokat for den innsette.

Marit Lomundal Sæther står utenfor Tinghuset

Advokat for den innsette Marit Lomundal Sæther meiner rutinene i fengselet ikkje er gode nok.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Det er urovekkende at fengselsleiar gjekk ut i media og feilinformerte før saka var grundig undersøkt. Det fortel at rutinene i fengselet ikkje er gode nok, heller ikkje når det gjeld å behandle innsynskrav, seier Lomundal Sæther til NRK.

Når det no viser seg at opptaka har lege der i sju dager, kan dette være ei tenesteforsøming som kan få strafferettslig tyding.

Men saka er framleis ikkje etterforska hos Sør-Trøndelag politidistrikt.

– Her har det svikta i alle ledd: Fengselet har brote fleire reglar. Politiet har så langt ikkje prioritert saka. Det er lite tillitvekkende, fordi ei slik sak kan få betydning for andre innsette, seier Lomundal Sæther.

Trondheim fengsel kritisert for tvangsflytting

Den innsette vart i byrjinga av mai tvangsflytta frå Trondheim til eit anna fengsel etter at tilsette klaga på framferda hans. Han vart også meld til politiet for vald etter episoden i fjor haust. Advokat Lomundal Sæther klaga flyttevedtaket til Kriminalomsorgsdirektoratet, men den innsette vart flytta før klagen vart behandla.

Førre månad slo Kriminalomsorgsdirektoratet fast at Trondheim fengsel og Region nord ikkje hadde godt nok grunnlag i Straffegjennomføringslova for å flytte den innsette.

Vedkomande har seinare ombestemt seg, og vil no ikkje tilbake til Trondheim fengsel. Han sonar derfor framleis i fengselet han vart flytta til, opplyser advokaten hans.