Caroline (27) knuste kjærasten i Fantasy: Her er hennar råd til dei som vil gjere det same

Fem tips til deg som vil slå fotballnerdane i Fantasy Premier League.

Caroline Lyche Gulli og sambuaren hennar Lars-Fredrik Hoel Aronsen.

RIVALAR: Trass i litt rivalisering med sambuar Lars-Fredrik Hoel Aronsen, har Fantasy Premier League gjort Caroline Lyche Gulli mykje meir interessert i fotball.

Foto: Privat

Er du av typen som ikkje likar å sitte å «pimpe» om kvelden når sola skin, og heller vil gå deg ein tur, eller kanskje ta eit bad?

Då vil du truleg høyre eit og anna gledesbrøl langs vegen denne helga. Fredag startar nemleg 2021–2022 sesongen av Premier League, og årets sesong av Fantasy Premier League (FPL).

Mange veit framleis ikkje kva folk snakkar om, når dei seier «wildcard», «triple captain» og «free hit», men dei blir stadig færre.

Nærmare 200.000 nordmenn har spelt managerspelet. Fristen for å registrere eit lag til første runde er fredag klokka 19.30.

Vart rangert som Noregs beste

Blir du ein av dei, vil du ha noko å snakke om med nær sagt kven som helst, meiner Caroline Lyche Gulli.

I 22. runde av Premier League 2019–2020 sesongen var Lyche Gulli rangert som Noregs beste spelar, og verdas beste kvinne i Fantasy. Ho enda til slutt på 39.-plass i Noreg og 364. plass alt i alt.

NRK har spurt ho og to fotballekspertar om tips til deg som vil utfordre vener, familie og kollegaer i spelet.

Les faktaboksen under om du aldri har høyrt om eller spelt Fantasy Premier League før:

Ta dei openberre vala

Det beste tipset er å gjere trygge og kjedelege val i starten, meiner Caroline Lyche Gulli.

– Vel dei spelarane frå start som brukar å gjere det godt: Bruno Fernandes, Son, Salah og Trent Alexander Arnold til dømes.

TV 2 sin fotballekspert Mina Finstad Berg er einig.

– Dei mest populære spelarane er ofte populære av ein grunn.

– Ikkje prøv å skilje deg ut i starten, seier Tete Lidbom.

Det kan verke som ein dum idé å spele trygt i byrjinga, men du bør tenkte på spelet som odds- og sannsynsrekning, forklarar NRK-programleiaren.

– Viss mange har valt ein spelar vil han truleg levere.

APTOPIX Britain Soccer Europa League

Bruno Fernandes.

Son og Kane

Son Heung-min.

Premier League - West Bromwich Albion v Liverpool

Mohamed Salah

Trent Alexander-Arnold

Trent Alexander-Arnold.

Følg med på kampprogrammet

I spel-appen kan du finne eit fargekoda kampprogram. Veldig ofte vil raude kampar bety vanskelege kampar, og grøne kampar bety enklare kampar for eit lag.

– Det er ofte lurt å prioritere spelarar frå laga med mange «grøne» kampar framfor seg, seier Finstad Berg.

Ikkje gje opp – og vel eit par hjartespelarar

TV 2 sin fotballekspert oppfordrar deg til å velje eit par spelarar på laget som du likar.

– Sjansen for at du skal halde ut ein heil sesong er høgare om du har spelarar på laget ditt som du synest det er morosamt å følgje med på, seier Finstad Berg.

Ho trur det hjelper folk som spelar Fantasy for første gong, å halde fram å hugse oppdatere laget sitt for kvar runde og ikkje ramle av berre fordi det går dårleg i to-tre rundar.

Mina Finstad Berg

FANTASYNERD: TV 2 sin fotballekspert, Mina Finstad Berg, kallar seg sjølv Fantasynerd.

Foto: TV 2 Daniel Sannum Lauten / TV 2

Tenk deg nøye om før du gjer byter

Du bør vente med å bytte ut spelarar til du ser om nokon av dei har blitt skada i løpet av veka.

– Det er veldig lett å bytte ut ein spelar i sinne når han bommar på ei straffe laurdag kveld. Det anbefaler eg ikkje å gjere, seier Finstad Berg.

Eit stykke ut i sesongen kan det vere lurt å kjøpe spelarar, som dei fleste andre tar inn, meiner Lyche Gulli.

– Det kan sjølvsagt gå gale dersom du er så uheldig å ta ei døgnfluge, seier ho.

Generelt sett er det dumt å «jage poeng», men dersom ein spelar gjer det jamt godt veke for veke er det lurt å få han fort inn på laget, anbefaler Lyche Gulli.

Caroline Lyche Gulli og sambuaren hennar Lars-Fredrik Hoel Aronsen.

KNUSTE KVARANDRE: – Med hjelp og ein dose flaks slo eg sambuaren min i sesongen 20/21, men vart knust i fjor, fortel Caroline Lyche Gulli.

Foto: Privat

Bli ein Fantasynerd – men ikkje gløym magefølelsen

I 2014/2015-sesongen vann Singapore-busette Simon March heile Fantasy Premier League utan å ha sett meir enn eit par kampar på grunn av tidsforskjellen mellom England og Singapore.

Suksessoppskrifta hans var å lese statistikk og gjere kalkulerte val basert på sannsyn, framfor å gjere dei i kampens hete.

Det finst mange gode Twitter-kontoar, bloggar, Reddit-forum og podkastar som forklarar dei kompliserte tala rundt fotballen på ein forståeleg måte.

Lyche Gulli høyrer mest på podkast.

Lidbom anbefaler både Wildcard FC og Fantasyrådet, men trur Hallo Fantasy passar betre for dei som ikkje ynskjer å bruke for mykje tid på spelet. Dei har korte episodar på 15 minutt.

Lidbom ber likevel folk om å tenkje sjølv.

– Spelet handlar om å balansere mellom trygge val og å finne underprisa spelarar, som du har trua på, seier han.