Hovudmannen, han som truleg er president i Hells Angels i Trondheim, er saman med to andre HA-medlemmar tiltalt for ei rekkje lovbrot som blir ramma av paragrafen mot organisert kriminalitet.
Dette gjeld lovbrot som heleri og omsetnad av illegalt innførte varer, truslar i samband med innkrevjing av pengane for smuglerspriten og legemsfornærming.
Presidenten i fengsel
Av dei fem tiltalte er det berre han som truleg er president som er i fengsel, men det er for ein annan tiltale. Den omfattar innføring av store mengder narkotika, heleri av det samme, bedrageri, brot på toll-lova, legemiddellova og våpenlova.
To av dei andre tiltalte er også HA-medlemmar, men ingen av dei er tiltalt for sjølve smuglinga. Det er det to menn frå Hamar og Hitra som må svare for.
Det meste av partiet på minst 100 000 liter sprit er nok selt, men 13 000 liter blei beslaglagt i Trondheim og i Oppdal i fjor haust.
Hells Angels sitt lokale i Trolla i Trondheim.
Lang fengselstraff
På løpande band kjem det no tiltalar for resten av dei sikta. Aktor Per Martin Utkilen veit ikkje heilt kor mange, men trur at det for tida er 12 eller 13 sikta i saka.
Med slike massive brot på alkohollova er det, om dei tiltalte blir funne skuldige, lange fengselsstraffer i vente.
Når påtalemakta tek ut tiltale etter den nye paragraf 60 i straffelova blir strafferamma skjerpa med inntil fem år.
Det er førebels sett av ei veke til saka, og den startar i Trondheim tingrett 9. februar.