Hopp til innhold

Fem kommunar braut lova då dei valde ordførar

Fleire kommunar hadde hemmeleg val då kommunestyret skulle stemme på ny ordførar og varaordførar – men nye reglar seier at dette er ulovleg.

Tom Myrvold, ordfører Ørland

Ørland kommune braut lova då dei valde Tom Myrvold (H) som ordførar i starten av oktober.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden, NRK

Tidlegare har det vore lov å stemme over ordførar og varaordførar hemmeleg, dersom nokon i kommunestyret ønsker det. Denne regelen har no blitt fjerna. Det vil sei at valet – eller konstitueringa som det heiter – må vere opent.

Poenget med den nye lova er å sikre openheit, slik at innbyggarane får vite kven politikarane har stemt på.

Dette har skapt forvirring i fleire kommunar. Både i Ørland og Stjørdal kommune i Trøndelag hadde kommunestyret hemmeleg ordførarval. Kommunal- og moderniseringsdepartementet kjenner til tre andre kommunar der lova er broten.

– Når det kjem ei ny lov er det mykje å setje seg inn i, så det kan jo skje, seier Siri Halvorsen, avdelingsdirektør i kommunalavdelinga i departementet.

Men det er ikkje sikkert dei ulovlege ordførarvala er ugyldige.

Siri Halvorsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Siri Halvorsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier at poenget med den nye lova er at folk skal få vite kven politikarane stemmer på.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Tar min del av ansvaret

1. oktober sende departementet eit brev til alle kommunane i Noreg. Her er det forklart korleis den nye lova fungerer.

Emil Raaen er prosjektleiar i nye Ørland kommune. Han innrømmer at han har tolka dette brevet feil, men meiner oppklaringa kom for tett på ordførarvalet.

Kommunestyret hadde ordførarval 3. oktober, berre to dagar etter brevet frå departementet kom. Raaen seier dei burde fått informasjonen tidlegare.

– Men eg tar min del av ansvaret, og så må kanskje departementet få ta sin del av «æra».

Rådmannen i Stjørdal kommune meiner også at departementet burde har gjort ein betre jobb med å informere. Der har kommunestyret fått beskjed om at dei bør ta ordførarvalet på nytt.

Ørland Rådhus

På rådhuset i Ørland kommune synest dei saka er frustrerande.

Foto: NRK

Ulovleg, men ikkje ugyldig

Halvorsen i departementet seier at kommunane som har gjennomført eit ulovleg val sjølv må vurdere vegen vidare.

– Ordførarvalet er ikkje automatisk ugyldig sjølv om ein ikkje har følgt kommunelova til punkt og prikke. No må kommunane vurdere kor sannsynleg det er om valresultatet hadde blitt annleis med ei opent val.

– Men lovbrotet vil ikkje få noko konsekvens?

– Ordet ulovleg er litt hardt ladd. Kommunane har ikkje har gjennomført valet i samsvar med kommunelova. Det betyr som sagt ikkje at valet er ugyldig. Dette må kvart enkelt kommunestyre vurdere sjølv, seier Halvorsen.

Løten kommune i Hedmark har også hatt eit ulovleg ordførarval. Der har Senterpartiet reint fleirtal, og rådmannen skriv i ein e-post til NRK at dei derfor ser på valet som gyldig.

Departementet seier unnskyld

Departementet seier NRK at det er kommunane sitt ansvar å setje seg inn i lovverket, men innrømmer at avklaringa rundt lovendringa burde vore sendt ut tidlegare. I ein mail til Fosna-Folket beklagar departementet for dette.

Raaen i Ørland kommune vil ikkje sei så mykje om sjølve lovendringa, men han meiner det er eit paradoks at kommunane blir tvungne til å ha opent val – medan Stortinget framleis kan stemme skriftleg. Det skjedde til dømes då Abid Raja blei gjenvalt som visepresident.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier dei ikkje kan kommentere praksisen til Stortinget.

Ordfører i Bjugn Ogne Undertun (Ap) og ordfører i Ørland, Tom Myrvold (H).

I nye Ørland blei Ogne Undertun (Ap) valt til varaordførar, medan Tom Myrvold (H) blei valt til ordførar. Begge vala er gjennomført på ulovleg vis.

Foto: Ståle Yttrehus/NRK

Vegen vidare

Alle kommunane må sørge for at ordførarkandidatane er på plass før oktober er ferdig. I Ørland kommune har dei no kontakta advokatar som skal gi råd, og Raaen kryssar fingrane for at alt er i orden om eit par veker.

– Det er jo frustrerande, men eg har gjort alt som står i mi makt for å gjenopprette tillit.

– Kjem det til å bli gjenval av ordførar og varaordførar?

– No får vi ei vurdering frå advokatane, også er det til slutt opp til kommunestyret å bestemme.