Felles skisatsing i Midt-Norge

Langrennskomiteane i skikretsane i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har blitt einige om eit samarbeid på tvers av kretsane. Det vil bli eit felles regionlag for seniorar i Midt-Norge.

– Vi har fått innspel frå klubbane med ynskje om eit tilbod utover kretslaget. Kanskje kan vi klare å ta vare på fleire løparar over lenger tid, seier Kristian Tettli Rennemo i langrennskomiteen i Sør-Trøndelag.