Hopp til innhold

Fekk være riddar for ein dag

For første gong vert det arrangert riddarskule på Nidarosdomen. I løpet av ein dag får born lære gamle våpenferdigheiter, og får ny og unik kunnskap.

Thea og Mikael

Thea og Mikael i ridderkostyme

Foto: Sofie Sætre / NRK

Denne veka kan born mellom 8-12 prøve å være riddar for ein dag. Dette er eit arrangement som vert haldt på Nidaros Domkirke, og skal være både lærerikt og underhaldande.

– Vi prøvar å få rektutert litt fleire riddarar, så no har vi invitert born hit som vi trenar i ulike våpenferdigheter. I løpet av dagen skal vi inn i Nidarosdomen og sjå på hemmelegheiter der, fortel Magnus Winswold

Etterspurnad

Eskil Følstad, førstekonsulent ved Nidaros Domkirke, forklarar at det tidligare har vore etterspurnad på aktivitetstilbod i vinterferia. I år er første gang «riddarskulen» vert arrangert.

Magnus Winsvold

Magnus Winsvold hadde ansvaret for å lære opp borna til å bli riddarar.

Foto: Sofie Sætre / NRK

– Her får ein artige opplevelsar, og får nokre gode historier på kjøpet. Dei som deltek vil få ny kunnskap som dei ikkje ville fått andre stadar.

Våpenskjold

Det er ikkje tilfeldig at det er riddarar borna skal lære om.

– Her er ei flott middelalderborg som tilhøyrte erkebispegården. Det å få komme hit og få lære om det er sikkert spanande, meinar Følstad.

Måndag hadde Mikael, Martin, Christoffer og Thea møtt opp, og dei fulgde spent med når Winsvold lærte vekk gamle kunstar.

Katapult

På måndag fekk Thea, Mikael, Martin og Christoffer prøve å skyte med katapult.

Foto: Sofie Sætre / NRK

– I dag har vi fått skyte med katapult, fekta med sverd og malt på våpenskjold, forklarar dei.

Lærte latin

Høgst oppe i eine tårnet får borna oppleve ein gammaldags skuletime.

– Tidlegare var det berre dei rike borna som fekk gå på skulen, forklarar Winsvold til borna.

I løpet av skuletimen var innføring i latin, og skriving på voksbrett på timeplanen.

At dette er eit original tilbod er det liten tvil om, og Christoffer var så nøgd med dagen at han ikkje ville heim.

– Eg har lyst å være med på riddarskulen resten av veka.