Hopp til innhold

Fekk råd av Åge

Chand Torsvik frå Namsos fekk råd av Åge Aleksandersen før han gjekk på scenen under fredagens X Factor-konkurranse.

Chand Torsvik
Foto: Martin Hågensen

Åge Aleksandersen gav sambygdingen nokre gode råd på vegen før den første direktesendte sendinga på TV2.

– Det kjentes utruleg deilig å få nokre gode råd frå Åge i dag. Det er første gong eg har eit så stort publikum og då er det godt å rådføre seg med ein som har langt større erfaring enn meg, sa Chand til Dagbladet .

Dette er: Chand Torsvik

Sjølvskriven låt

27-åringen, som kjem frå same by som Åge Aleksandersen og Bjarne Brøndbo, valte å framføre den sjølvskrivne låta "Diamanten".

Kritikkane frå dei tre dommarane var svært gode. Trønderrockens far var også imponert over framføringa til Chand.

– Strålande, seier Åge Aleksandersen til avisa.

Besøkte Snåsamannen

Chand Torsvik er født i India i 1982, men har budd på Spillum utanfor Namsos heile livet sitt.

Gjennom fleire år besøkte han Snåsamannen for å få råd og hjelp. Det resulterte i at han gav ut ein låt som heitte "Varme hender" for fem år sidan.

På ei plate som kom for to år sidan kom låta "Usynlige krefter", og i år skreiv han ein heilt ny melodi som han gav bort i gåve til Signe og Joralf Gjerstad.