Hopp til innhold

Fekk pris for redusert sjukefråvær

Mange kommunar slit med høgt sjukefråvær – og det er dyrt. Men heimetenesta nord i Steinkjer kommune er blant dei som har klart å redusere sjukefråværet. I dag fekk dei pris frå NAV.

IA-pris til Steinkjer kommune

Heimetenesta ved seksjon Egge i Steinkjer kommune fekk i dag pris for å ha redusert sjukefråværet med 30 prosent sidan 2013.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Sidan 2013 har heimetenesta klart å redusere sjukefråværet med 30 prosent. I 2014 var tilsette i Nord-Trøndelag oftare borte frå arbeidet enn andre stadar i landet.

– Det er ikkje noko i Nord-Trøndelag som skulle tilseie at me skulle ligge høgare enn resten av landet, seier avdelingsdirektør i NAV, Trond Thorshaug.

Trond Thorshaug

Avdelingsdirektør i NAV, Trond Thorshaug, delte i dag ut pris heimetenesta nord i Steinkjer.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Han seier at dei tilsette i Nord-Trøndelag ikkje er sjukare enn andre, men at dei blir borte frå arbeidet lenger enn andre.

Torsdag delte dei ut pris til verksemder som har fått ned sjukefråværet.

– Me ønskjer å motivere verksemder som ikkje har fått ned sjukefråværet til å få det til.

IA-pris til Steinkjer

Heimesjukepleiarane ved seksjon Egge i Steinkjer kommune fekk torsdag årets IA-pris på Stiklestadkonferansen. I pleie- og omsorgssektoren i Trøndelag er kvar arbeidstakar borte nesten 1 av 10 arbeidsdagar i snitt. Einingsleiar i heimetenesta avdeling nord i Steinkjer, Torill Strugstad, er særs nøgd.

Torill Strugstad

Einingsleiar ved heimetenesta nord i Steinkjer, Torill Strugstad, var særs nøgd med prisen.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Eg er kjempeglad og så stolt av det me alle har klart. Det er ein inspirasjon for andre, seier ho.

I eitt år har dei jobba for å få ned sjukefråværet. Resultatet kjem etter eit tett samarbeid mellom leiing og tilsette.

– Det betyr veldig mykje, seier tillitsvalt ved heimetenesta nord i Steinkjer, Kristin Torp.

Ho trur det betyr mykje at både tilsette og leiing er med i prosessen.

– Me involverer alle og samarbeider godt. Dei tilsette får vere med å påverke korleis me skal ha det på jobb, held ho fram.

Samfunnskostnader

Kostnadane er høge for samfunnet.

– Ein sjukepleiar som er borte eitt år kostar ein kommune rundt 150.000 kroner, fortel avdelingsdirektør i NAV, Trond Thorshaug.

Han meiner det då er betre å bruke 20.000 kroner på å få vedkomande til å stå i jobb.

– Då har du tent 130.000 kroner på det.