Hopp til innhold

Fekk lågare straff fordi han ikkje budde i lag med kjærasten han mishandla

Tingretten meinte kvinna budde saman med kjærasten som mishandla henne. Lagmannsretten kom til motsett konklusjon og minska fengselstraffa med ni månader fordi det ikkje var familievald.

Frostating lagmannsrett

BUDDE IKKJE I LAG: Frostating lagmannsrett minska straffa med ni månader fordi tiltalte ikkje budde i lag med kjærasten.

Foto: Terje Reite / NRK

Tiltalen mot mannen i 20-åra frå Trondheim omfatta kvelartak, slag og spark mot hovudet, nedsettande merknader og sosial kontroll. Han truga med å «øydeleggje livet» til kjærasten om ho ikkje tok tilbake politiforklaringane sine.

Tiltalte nekta straffskuld for alt, unntatt eit tilfelle av utskjelling.

Dei to var i lag i tre og eit halvt år, og mishandlinga gjekk føre seg frå byrjinga av forholdet, i følgje domen. I Sør-Trøndelag tingrett vart han dømd til 3 år og 6 månader i fengsel og anka. Frostating lagmannsrett meinte mannen ikkje kunne dømast etter tiltalen som galdt paragraf 283 og 219 om familievald som vanlegvis gir høgare straff. Retten tolka det slik at kjærasten ikkje var ein del av «husstanden» til tiltalte slik det er formulert i lova.

(Hun..) var der periodevis mye, og overnattet tidvis flere netter i strekk. Hun lagde innimellom mat til ham der, eller handlet med seg mat til ham. Hun hadde imidlertid aldri selvstendig tilgang til noen av hans bosteder og måtte dra derfra når han bestemte det, for eksempel når han fikk besøk.

Utdrag frå domen i Frostating lagmannsrett

Berre ein av meddomarane meinte fornærma hadde husveret til kjærasten som «hovudbase» og at kravet til straff etter paragraf 219 og 283 dermed var oppfylt.

I staden bestemte lagmannsretten at tiltalte skulle dømast etter dei andre valdsparagrafane 271–273, og straffa vart ni månadar kortare.

Kan bli lågare straff om ein ikkje bur saman

Personar som blir utsette for vald av kjærasten, er dårlegare verna når retten bruker lova på ein slik måte, meiner bistandsadvokat Monica Eidem Haugen som representerte den fornærma kvinna.

– Eg er skuffa over avgjerda i lagmannsretten om kvar terskelen skal ligge for å vere ein del av ein «husstand». Målet med paragrafen om vald i nære relasjonar og faktum i denne saka, tilseier at straffa burde vore høgare.

Kvinna fekk tilkjent 100.000 kroner i oppreisningserstatning, mot 150.000 i tingretten. Tiltalte vart dessutan dømt til besøksforbod i fem år, også mot ein tidlegare kjærast.

 Bistandsadvokat Monica Eidem Haugen: Skuffa over domen

SKUFFA OVER DOMEN: Bistandsadvokat Monica Eidem Haugen.

Foto: Adnor Advokat AS

Tvilen om buform skal kome tiltalte til gode

Leiaren i lovutvalet for strafferett i Advokatforeininga er ikkje samd med Eidem Haugen i at lovbruken gir dårlegare vern for ofra.

– For det første er straffa i denne saka høg likevel, to år og seks månader, seier advokat Hallvard Helle til NRK.

– For å dømast for vald i nære forhold er vilkåret at tiltalte og fornærma faktisk bur eller budde i lag. Hvis lagmannsretten ikkje finn dette bevist, kan ikkje tiltalte dømast etter den paragrafen, seier Helle.

Den øvste domstolen i Noreg har også behandla spørsmålet om kva som kan reknast som «husstand». I saka frå Frostating nylleg vart det vist til ein Høgsterettsdom frå 2011. Eit kjærastepar var i lag i to og eit halvt år og hadde eit bufellesskap på hybelen til tiltalte. At fornærma til dømes ikkje hadde mange av eigedelane sine der, meinte Høgsterett ikkje var avgjerande for at vedkomande var ein del av husstanden:

Dette er forhold som i mindre grad kan ha preget bofellesskapet mellom partene, og er mer perifert i relasjon til de interesser § 219 er ment å beskytte.

Utdrag frå dom i Høgsterett

Fleirtalet i Frostating lagmannrett var altså derimot i tvil om det var snakk om eit bufellesskap i deira sak. Og tvilen skal kome tiltalte til gode, påpeika retten.

Christian Wiig forteller at hans klient mener hun ikke har noe med narkotikasmuglingen å gjøre.

STRENG STRAFF: Forsvarer Christian Wiig meiner straffa framleis er for streng og vurderer å anke til Høgsterett.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Forsvarer: Straffa er framleis for streng

– Eg er nøgd med både lågare straff og oppreisningserstatning, seier forsvarer Christian Wiig til NRK.

Han har enno ikkje drøfta domen med tiltalte. Men Wiig meiner straffa framleis er for streng i høve til kva klienten hans er dømt for. Derfor kan det bli aktuelt å anke til Høgsterett.

Aktor, politiadvokat Gro Helland, viser til at domen no skal gjennomgåast. Så er det opp til Statsadvokaten å avgjere om den skal ankast frå påtalemakta si side.