Kokken frå Trondheim fekk audiens hos paven

Ein pensjonert kjøkensjef frå Trondheim bringar årleg 600 tonn mat gratis vidare til folk som treng ei ekstra handsrekking. Denne veka var han invitert til Roma fordi pave Frans ville møte han.

Bjørn Eklo møter pave Frans

Det er ikkje kvar dag trønderske pensjonistar får audiens hos paven i Roma. Men det fekk Bjørn Eklo første veka i november.

Foto: Vatican TV

Bjørn Eklo på Petersplassen, Roma

Bjørn Eklo er spent før møtet med pave Frans.

Foto: Tone Iversen / NRK

Det er langt frå Bakklandet i Trondheim til travle gater i Roma. Den 64 år gamle pensjonisten Bjørn Eklo er medlem av statskyrkja, likevel har han kome til Petersplassen med eit brev frå høgste hald i den katolske kyrkja.

Han er invitert til å møte paven.

– Det er litt fjernt på eit vis, seier Eklo mens han kikkar rundt seg i den evige staden.

Omfordelar mat til dei som treng det

Årsaka til invitasjonen frå sjølvaste paven ligg truleg i det Bjørn Eklo driv med til dagleg, heime i Trondheim.

Han har tilgang på tre kjølelager i byen, og han handterer eit berg av mat.

Bjørn Eklo driv med matomfordeling

Ein vanleg dag 'på jobben': han omfordelar mat for hundretusenvis av kroner.

Foto: Sandra Svendgård / NRK

Ein vanleg haustdag i 2014 får han fire pallar mango, to og ein halv pall med grøne druer, kassevis av isbergsalat, og haugar med klementinar.

Truleg er Eklo den privatpersonen som omfordelar mest mat i Noreg. Målet er at dei som er fattige eller ikkje har så god tilgang på mat av andre årsaker, skal få maten i staden for at den blir kasta.

LES: Gir bort tre tonn kaker
LES: Har 2,4 tonn lutefisk, trenger bacon

Han får maten frå store grossistar og daglegvarekjeder, og grunnen til at dei ikkje lenger vil ha maten, kan vere dårleg dato eller feilmerking. I staden for å kaste mat som framleis er god, ringer dei Eklo.

Han har avtaler med transportfirma som bringar gratis i stort sett heile Noreg, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Maten blir så distribuert til dei som treng det. Eldresenter rundt om i landet får noko av maten, noko blir sendt via religiøse organisasjonar, deriblant katolske kyrkjelydar – og noko går til Fattighuset i Oslo.

– Det er jo så som så med frukt og grønt gjennom kommunale ordningar, derfor driv eg med matsamling. No er vi vel oppe i 600 tonn i året, seier Eklo.

LES: Frykter at mat til fattige råtner

Varm velkomst i Birgittaklosteret

Bjørn Eklo hos Birgittasøstrene i Roma

Søster Maria-Lisa tar imot Bjørn Eklo i Birgittaklosteret.

Foto: Tone Iversen / NRK

Det er mange som har merka seg arbeidet som trondheimspensjonisten legg ned.

Det er ingen som veit sikkert kven som har sendt brev til pave Frans og bedt han om å invitere Bjørn Eklo, men truleg er det fleire som har kome med den same oppmodinga.

Det frivillige arbeidet hans for å hjelpe dei fattige samsvarer godt med tankesettet til pave Frans, som er særleg opptatt av dei fattige.

Bjørn drog til Roma frå Trondheim denne første veka i november, og målet var å få treffe paven på Petersplassen.

Men han vart ønskt varmt velkomen også andre stader. Birgittasøstrene er ein nonneorden med over førti kloster rundt om i heile verda.

Nonnene i Noreg har fått god hjelp av Bjørn Eklo, og derfor er han no velkomen til å bu gratis hos dei. Mellom anna i klosteret deira sentralt i Roma.

– Bjørn er nesten som ein far for oss Birgittasøstrene, seier søster Maria-Lisa i Birgittaklosteret i Roma.

– Vi er veldig takknemlege for all hjelp frå han, seier ho.

– Vi har mykje felles, nikkar Eklo. – Det går jo ut på å hjelpe, det vi driv med.

(Saken fortsetter under videoen)

Bjørn Eklo har fått audiens hos paven.

Fekk handhelse på paven

Når dagen kjem, og Bjørn Eklo skal møte paven, er han ikkje åleine på Petersplassen. 12.000 katolikkar frå heile verda har valfarta hit på pilegrimstur for å få eit glimt av paven, som blir rekna som den jordiske representanten for læresveinen Peter.

Men desse 12.000 får ikkje oppleve det Bjørn Eklo får. Han står i fremste rad på eit spesielt podium øvst på Petersplassen, og han er ein av dei utvalde.

Pave Frans kjem i den spesielle pavebilen og helsar til folket.

Men opp til podiet kjem han gåande. Han tek seg tid til å veksle nokre ord med dei som er utvald til å møte han personleg.

Bjørn Eklo får handhelse på pave Frans, og han ber om at paven skal velsigne han og alle dei frivillige.

Og det gjer paven med det store hjartet for dei som ikkje lever i rikdom.

Når den høgtidelege stunda er over, er Eklo lettare opprømt.

– Eg er litt på sida av meg sjølv. Eg var veldig fokusert på å kome meg på plass i rett tid. Eg tenkte at eg skulle dra hit klokka 0945, men allereie 0830 hadde nonnene i Birgittaklosteret transporten klar. Tre av dei eskorterte meg hit, seier han.

Og møtet med paven, det var ei god oppleving.

– Eg kjenner det som om eg står her på vegner av alle frivillige. Det er godt.

Bjørn Eklo har møtt paven

Å møte pave Frans var stort, seier Bjørn Eklo frå Trondheim. Her er han

Foto: Tone Iversen / NRK