Normal

Sola skein i vinduskarmen på Prøysenfest

Onsdag var det 100 år sidan Alf Prøysen blei fødd. Det blei òg feira her i Trøndelag.

Prøysen-fester arrangeres over hele landet i dag i anledning 100 års dagen for Prøysens fødsel. Sangene han laget synges av mange også i dag.

FRAMLEIS POPULÆR: Prøysen-songar får stadig nye tilhengjarar.

– Eg synest songane har mange fine melodar og dei rimer mykje.

På den gamle husmannsplassen på Byafossen i Steinkjer var det Prøysen-fest onsdag. Der blei det sunge, spelt og framført kjente Prøysen-viser.

Maria Møller var med og song, og ho har ein klar favoritt blant dei mange visene.

– Eg likar veldig godt jordbærsongen. Den er koseleg, synest ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magnhild Hagen Gaundal

SONG TIL SOLA: Magnhild Hagen Gaundal song om julisola som skein i vinduskarmen.

Foto: Espen Nilsen Holtan / NRK

Som ei skattekiste av ein forfattarskap

Til saman 100 slike Prøysen-festa vart arrangert rundt omkring i landet denne dagen.

Magnhild Hagen Gaundal er ei av dei som står bak feiringa på Byafossen. Ho er sjølv ein ekte Prøysen-fan.

– Når ein ser på den skattekista av ein forfattarskap, er det grunn til å hedre han. Det er unikt, både barn og vaksne, og lette, artige songar med djupe tema i mange av dei.

Songane hans er framleis populære både blant barn og vaksne, sjølv 40 år etter at han døydde.

Anna Katharina Gaundal er ein annan Prøysen-beundrar som var med og framførte songane hans onsdag.

– Yndlingssongen min er Kjærlighetsvisa. Den er roleg og veldig søt. Og den artigste er Hompetitten, seier ho.