Feira med fansen i natt

Rosenborg blei hylla av fansen på utestaden Downtown i Trondheim i natt.

Video nsps_upload_2009_9_28_2_18_18_2643.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Klokka 0030 kom Rosenborgspelarane til utestaden Downtown i Trondheim sentrum for å feire seriegullet saman med fansen.

Gratulér RBK med gullet!

Rundt 100 personar var samla for å hylle heltane sine som sikra Rosenborgs 21. seriegull og det første sidan 2006.

– Eg held på å miste stemma for eg har sunge heile vegen, seier Steffen Iversen som sørga for Rosenborgs første mål mot Molde på Aker stadion.

Saman med resten av laget kom han med fly til Værnes seint i går kveld. Stemninga på turen heim var svært god, seier ein stolt RBK-veteran.

– Vi har sunge mange gamle RBK-songar, så vi begynner å bli hese i stemma, seier Roar Strand til NRK Trøndelag.

Se også: Stor stemning på supporterpuben undervegs i kampen.

Revansj

Rosenborg fekk skikkeleg revansj etter nederlaget i cupen, då dei søndag kveld slo Molde 2-0 på Aker stadion og sikra seg seriegullet på erkerivalens heimebane.

– No skal eg feire med både sigar og champagne, for det blir jo altfor seint å vente til vi kjem til Trondheim klokken 0400 i natt. Då er festen slutt, sa ein glad Hamrén til pressa etter kampen.

Det var Steffen Iversen og Trond Olsen som sørga for mål på Aker stadion.

RBK på topp

Rosenborg er heilt i særklasse når det gjeld seriemeisterskap for menn. I år trong dei berre 26 kampar på å avgjere serien. Lagets 21 seriegull blei sikra 35 dagar før sesongslutt.

Norsk toppfotballs øvste divisjon har berre blitt avgjort så tidleg ein gong før. Det skjedde i 1996 då RBK-gullet var klart i samme runde, men 42 dagar før sesongslutt.

Flest seriemeisterskap:

  • 21 Rosenborg
  • 9 Fredrikstad
  • 8 Viking
  • 5 Lillestrøm, Vålerenga
  • 3 Larvik Turn
  • 2 Brann, Lyn, Start
  • 1 Fram, Freidig, Moss, Skeid, Stabæk, Strømsgodset