Hopp til innhold

Feil å avslutte etterforskinga

Advokat Sigurd Klomsæt meiner det er feil av politiet å avslutte etterforskinga av ein psykisk utviklingshemma mann i Bjugnsaka. - Politiet har ikkje skjønt noko, seier han.

Advokat Sigurd Klomsæt
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

I januar i år fekk politiet i Bjugn melding om at ein psykisk utviklingshemma mann skal ha misbrukt to jenter.

Dette skal ha vore to av dei mange borna som var involvert i Bjugnsaka for femten år sidan. Mannen har stadfesta overgrepa på eit privat DVD-opptak, men dette er ikkje godt nok for politiet.

Tirsdag valte å avslutte etterforskinga av saka. 

- Det er eit samfunnsystem som ikkje ønskjer at denne saka skal komme fram i lyset. Politiet har tydelegvis gjort det dei kan, men eg registrerer at det ikkje er løfta ein einaste finger for å avhøyre vedkommande, seier advokaten til Ulf Hammern, Sigurd Klomsæt til Her&Nå.

Ingen nye opplysingar

Ifølge ei pressemelding frå politiet har det ikkje komme fram nye opplysingar som tyder på at mannen har gjort overgrepa.

Politiet har fått støtte frå Kripos i etterforskingsarbeidet og det er gjort fleire nye avhøyr, mellom er ei av jentene som skal ha blitt utsett for overgrep ha forklart seg for politiet.

- Det er i strid med både norsk lov og internasjonale reglar når ein ikkje etterforskar ei sak der ein. Ein har plikt til å gjere det, seier Klomsæt.

- Fagleg vrøvl

Sentralt i etterforskinga står lydbandopptak og DVD-opptak der den psykisk utviklingshemma mannen er intervjua av privatpersonar.

Politiet meiner desse opptaka ikkje kan nyttast, mellom anna fordi det blir stilt leiiande spørsmål og at vedkommande som blir intervjua ikkje forstår verdien av spørsmåla og sine eigne svar.

Klomsæt meiner det er feil å kritisere intervjumetodane til ein privatperson. 

- Dette er fagleg vrøvl og politiet har plikt å stille dei spørsmåla dei meiner er relevante sjølv. Eg trudde politiet i Sør-Trøndelag hadde lært noko av Fritz Moen-sakene, men det ser ut som dei gjer det på same måte denne gongen, og det er nedslåande.