Hopp til innhold

Fatima skulle bli lege, men gjekk ein heilt annan veg – her er hennar tips til val av utdanning

Aldri før har så mange søkt høgare utdanning som no. Her får du nokon oppmuntrande råd frå ei som har kjent på at valet ikkje er så lett.

Fatima Almanea

Fatima Almanea (26) meiner fjellvettregelen om at det ikkje er ei skam å snu, er viktig for val av utdanning. Les fleire av hennar tips nede i artikkelen.

Foto: Vegard Blakstad / NRK

Det var våren 2014, og Fatima Almanea vakna opp ekstra tidleg. Ho sat på rommet sitt i Verdal sentrum, slo på pc-en og tasta seg med raske fingrar inn på søknadsweb i nettlesaren.

15. april er fristen for å søkje, og i fjor var det over 150.000 som søkte seg til universitet og høgskular. I desse dagar grublar mange over kva dei skal utdanne seg til, kva veg dei skal gå vidare.

Det er eit val som fort kan vekse over hovudet på ein. Fordi når ein vel, så vel ein òg bort noko anna. Politikar og samfunnsdebattant Almanea veit ein heil del om akkurat det.

Lenger ned i saka skal Almanea gi deg råd om korleis du bør stake ut vegen vidare, og du vil kanskje bli litt overraska.

Men no er vi tilbake til våren 2014, og det store valet ho skulle ta sjølv. Det var ikkje lett.

Forventningar frå far

For det var noko som plaga henne. Det var valet ho var på veg til å gjere. Vidaregåande var unnagjort, og det var studiar på universitet som gjaldt for henne.

– Eg visste at det var eit brot med det eg hadde fortalt at eg skulle gjere, seier Almanea og legg til:

– Det var eit brot med alt saman, eigentleg.

For det var lege Almanea heile tida trudde ho kom til å bli. Ein lege, som aller helst reiser tilbake til heimlandet, og hjelper folk der. Ein lege som reiser til der det er nød.

– Pappa hadde lenge ønskt at eg skulle bli lege, og eg trudde lenge at det òg var draumen min. Eg jobba jo hardt for det. Eg tok alle realfag, studerte heile tida og sørgde for å få gode nok karakterar, seier Almanea og legg til:

– Men å tenkje reelt på valet, hadde eg kanskje ikkje gjort.

Det store valet

Men no hadde ho endeleg tasta seg ferdig. Ho hadde greidd det.

– Eg klappa saman pc-en, og gjekk ned i stova der mamma og pappa etter kvart dukka opp, fortel Almanea.

Så fortalde ho det, medan dei sat på dei faste plassane sine ved bordet og åt heimebakt brød. Omtrent sånn sa ho det til pappaen sin:

– No har eg nett søkt på universitet, men det er ikkje medisin.

Ein far som tok lang pause, før han sa:

– Kva har du søkt?

– Eg har søkt psykologi.

Fatima Almanea

Fatima Almanea blei landskjent i 2015 då ho på eigen blogg tok eit oppgjer mot utsegn om muslimar som ei miljøforureining i Europa.

Foto: Kjartan Ovesen/NRK

Å lytte til stemma si

Almanea kunne sjå at pappaen var overraska. Fullt forståeleg, sidan ho ikkje éin einaste gong hadde nemnt psykologi som ei moglegheit.

– Eg trur han vart litt skuffa, men langt på nær så skuffa som eg hadde innbilt meg i mitt eige hovud, seier ho.

Men ho garderte seg litt, trass alt. Ho fortalde at dette var eit eittårig studium og at ho kanskje – kanskje – kom til å søkje på medisin likevel.

Ho kom inn på psykologistudiet, men så skjedde det noko høgst uvanleg for henne å vere:

– Eg droppa ut av studiet og jobba eitt år.

Mange hopper av utdanninga si til og med tidlegare enn det Almanea gjorde. Drygt tjue prosent av elevane fell frå alt på vidaregåande, ifølgje SSB. Å gi seg midt i ei utdanning, kan opplevast som eit nederlag.

Men ikkje for Almanea.

– Å droppe ut av studiet var eit val som gjorde at eg kom inn i media, vart ein samfunnsdebattant og etter kvart fekk ei stemme på nasjonalt nivå. Og eit val som gjorde at eg etter kvart søkte det studiet som eg går i dag, og som eg er snart ferdig med, jussen, fortel ho.

Fatima Almaneas seks råd til utdanningsval

  1. Vel berre noko du sjølv vil. Ikkje vel for andre.
  2. Å gi seg midt i ei utdanning, er ikkje eit nederlag.
  3. Skulle valet vise seg å vere feil, er det om å gjere å lytte til fjellvettregelen om at det ikkje er ei skam å snu.
  4. Ok, så viste det seg at akkurat denne utdanninga likevel ikkje var noko for deg. Gjer noko anna, ta deg ein jobb, reis bort (viss koronaen tillèt det) – og la hovudet få kvile.
  5. Pust med magen, du er ung og har mykje betre tid enn det du sjølv trur. Yrkeslivet er langt. Nyt livet.
  6. Skil mellom deg som menneske og dei faglege prestasjonane dine. Du er ikkje det du held på med eller utdannar deg til.

Turen tilbake til Irak

Familien hennar hadde flykta til Noreg berre ein månad før dei amerikanske styrkane invaderte heimlandet Irak i 2003.

I fjor reiste Almanea tilbake til Irak. Ho var på oppdrag for ein organisasjon ho sjølv stifta for seks år sidan; Gnist. Det er mogleg å hjelpe andre utan å vere lege, har ho skjønt no. Juss, til dømes, kan vere eit bidrag til å gjere verda litt betre, det òg. Gnist gjer det dei kan for å hjelpe små bedrifter i Irak til å stå på eigne bein.

Fatima Almanea og en av de mange trengende menneske hun møtte i Irak

Fatima Almanea og ein av dei mange trengande menneske ho møtte i Irak.

Foto: Privat

– Livet er fullt av tilfelle og mange overraskingar. Og dei tinga som eg har sett mest pris på i livet mitt, er kanskje dei tinga eg ikkje har planlagt og som har skjedd i meir eller mindre affekt, seier ho og legg til:

– Det beste i livet mitt har skjedd heilt tilfeldig, seier Fatima Almanea.