NRK Meny
Normal

Farvel, M/S Tustna!

Det er slutt på ferjeturane mellom Hitra og Nordmøre. I går tok hitterværingene farvel med M/S Tustna.

M/S Tustna
Foto: Ellinor Hansen / NRK

I 46 år har det gått ferje frå Forsnes på Hitra til Nordmøre. Først reiste hitterværingene til Kristiansund for å handle i byen, men etterkvart har ferja mest blitt brukt av hytteeigarar og turistar.

Det er søndag ettermiddag og på ferjekaia på Forsnes på Hitra kjem ein bil køyrande. Det er ein time til M/F Tustna er venta til kai og Irene Bekkvik frå Hitra har køyrd far sin Kåre Bekkvik for at han skal kunne sjå ferja legge ut frå kai for aller siste gong.

- Det er litt trist og ein ny epoke startar. Vi brukte ferja mykje då eg var ung. Då tok vi den til Kristiansund for å handle og sidan pappa jobba i MRF fekk vi gratis ferjeturar, og det var jo flott, seier Irene Bekkvik til NRK Trøndelag.

Vemodig at det er over

Siste tur for M/S Tustna
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Kåre Bekkvik jobba på ferjene som køyrde mellom øyene på Nordmøre i mange år. No er han pensjonist, men han må få med seg den siste ferjeturen frå Forsnes.

- No er det slutt. Det er vel dei som brukar den som synst dette er mest trist. Eg er pensjonist no og nyttar ikkje ferja, men vemodig er det likevel, seier Bekkvik.

Det kjem ein ny bil og stiller seg i kø. Inni den sit Britt Ianssen.

- Vi skal ta ferja over fjorden og reiser vidare til familien i Molde. Vi har hytte på Hitra og dette er ein kjempefin ferjetur. No må vi køyre andre vegar, for vi er ikkje avhengige av ferja, men det var ein fin tur, seier Ianssen som kjem til å sakne M/S Tustna.  

Mange ville ta farvel

Egil Hestnes og Arne Hestvik på M/S Tustna sin siste tur.
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Fleire bilar kjem køyrande og dei fleste har tatt turen berre for å sjå ferja reise for siste gong,.

- Eg seier meg veldig lei for at det einaste direkte sambandet mellom Hitra og Nordmøre, som vi har hatt i snart femti år, er slutt. Ofte blir det feira når ei ferje legg ned, men då blir den også ofte erstatta av ei bru. Det skjer ikkje her, så dette er berre å beklage, seier ordførar i Hitra kommune, Egil Hestnes.

Jobbar for ny ferje

Men Egil Hestnes er alt i gang med jobben for å få ei ny ferjerute frå Hitra til Nordmøre. Planen er at den skal vere på plass om to år.

- Eg er heilt overtydd om at vi får på plass eit nytt samband. Det blir i tilknyting til Tjeldbergodden og utviklinga der. Når vi får på plass den ferja, som tek tjue minutt over Trondheimsleia, vil det vere muleg å bu på Hitra og jobbe på Tjeldbergodden, forklarar Hestnes.

For kaptein på M/S Tustna, Arne Hestvik, var det førebels siste besøk på Forsnes i dag.

- Etter at tunnelen kom har dei sikkert funne ut at trafikkgrunnlaget ikkje er stort nok for å ha ei ferje. Eg skal no køyre mellom Smøla og Tustna, eit nytt samband som opnar, seier Hestvik før han legg frå kai og helsar folket med tut-tut-tut.