Køyrde i 194 km/t i 80-sone: – Skremmande

Søndag kveld stoppa Utrykkingspolitiet (UP) ein førar i 194 km/t i ei 80-sone på E6 ved Hjerkinn. Fleire køyrde i godt over 100 km/t. No åtvarar UP-sjefen.

Politibil og tre politimenn: UP har kontroll på E6 ved Hjerkinn

FARTSKONTROLL: Politiet sine UP-patruljar kontrollerte forbipasserande køyretøy på E6 ved Hjerkinn søndag kveld.

Foto: UP Midt-Norge

– Det er skremmande at ein er villig til å køyre så fort. Marginane er små. Sjansen for at det skal gå ordentleg gale er veldig stor når folk køyrer i den farten der, seier UP-sjef i Midt-Norge, Anders Sjøtrø.

Søndag 16. mai gjennomførte UP-patruljar frå Oppdal og Orkanger ein fartskontroll på E6 ved Hjerkinn. Tolv personar fekk forenkla førelegg, og åtte vart meldt med førarkortbeslag.

UP-sjefen omtalar det som skremmande at så mange vart tekne på relativt kort tid. Fartskontrollen varte i fire timar.

Fleire sjåførar køyrde i over 100 km/t

Føraren som vart stoppa i 194 km/t var ein mann i starten av 40-åra. Men det var fleire som køyrde fort denne søndagskvelden.

– Vi hadde også hastigheiter på 125 km/t, 129 km/t og 134 km/t, informerer han.

– Det som bekymrar meg, er at fartsnivået er så høgt på denne vegstrekninga. Vegen er oversiktleg og fin, men dersom det skjer ei ulukke med så stor hastigheit, endar det fatalt, seier Sjøtrø.

Anders Sjøtrø, distriktsleder UP Midt

UP: – Det er skremmande at ein er villig til å køyre så fort. Marginane er små, seier distriktsleiar Anders Sjøtrø i UP Midt-Norge, om søndagens råkøyring på E6.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Treffer ungt ved å bruke Snapchat

UP Midt-Norge delte resultata frå fartskontrollen på sin Snapchat-konto.

– Vi har ganske gode tal på at vi når eit yngre publikum ved å bruke Snapchat.

60 prosent av visningane til UP Midt-Norge på Snapchat er ungdom under 25 år.

– Det er vi veldig fornøgde med. Det var det som var intensjonen vår med å starte med Snapchat, fortel han.

Ifølge Norstat vedgår 1 av 3 unge vaksne at dei sjekkar Snapchat medan dei køyrer bil.

Skjermdump frå UP Midt-Norge sin Snapchatkonto. Råkøyring i 194 km/t i 80-sone på E6.

UP Midt-Norge delte resultatet frå fartskontrollen på sin Snapchat-konto. På denne måten når dei eit ungt publikum. 60 prosent av visningane på kontoen er ungdom under 25 år.

Foto: Skjermdump frå Snapchat / UP Midt-Norge

– Kan miste førarkortet i tre år

Kor ofte stoppar de folk med så høg hastigheit?

– Det tilhøyrer sjeldanheitene. Det skjer 1–2 gonger i året i dette distriktet. Så langt i år har ingen blitt målt med så høg hastigheit, fortel Sjøtrø.

I november i fjor køyrde ein sjåfør i 288 km/t i 80-sona på E6 i Soknedalstunnelen. Føraren filma det heile og delte det på sosiale medium.

Nokre månader før delte ein ung førar video på Snapchat av at han køyrde i over 210 km/t på den same strekninga. Han mista førarkortet i tre år og sju månader.

Domstolen skal avgjere straffa for gårsdagens råkøyrar, men UP-sjefen har tankar om korleis den blir:

– Normalt vil ein miste førarkortet i tre år, og det endar nok med ubetinga fengsel.