Hopp til innhold

Farlige bruer i Trøndelag

Statens Vegvesen treng minst ein halv milliard til å utbetre og bygge nye.

Om lag 50 bruer i Trøndelag er så dårlige at det går på tryggleiken laus. Fleire av dei må byggjast på nytt.

Eit eksempel er Fosenbrua i Snåsa. Den har store rustskadar og er i tillegg feilkonstruert. Den må difor byggjast på nytt. Statens Vegvesen står no framfor ein stor utbetringsjobb.

- Fosenbrua i Snåsa var i ein kritisk fase. Vi har følgt med skadane. Men skadane hender ikkje berre gradvis, men vert plutselig sterkt redusert. Der sette vi i gong ei undersøking og starta prosjekteringa av ei ny bru. seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen Jørn Arve Hasselø.

Ikkje nøgd

Statens Vegvesen har kontrollert mange bruer dei siste åra, og er ikkje nøgd med tilstanden.

- Det er fleire bruer som har eit stort vedlikehaldsetterslep. Mange må også byggjast på nytt, seier Hasselø.

Midt-Noreg har 2800 bruer, og mangelen på pengar til vedlikehald gjer at bruene forfell stadig meir.

Ulike skader

- Det er varierande skader. Bruer på kysten får inntrenging av salt frå sjøen som gjer at armeringsjernet rustar, men vi finn stadig skadar på bruer i innlandet også. Vi har eit svært variert skadebilde, seier Arne Gussiås, sjefsingeniør i Statens Vegvesen.

Hasselø fortel at det er mange bruer som er for dårlig vedlikeholdt langt fleire enn dei 50 som er kritisk skadde.

Reduserar kapasiteten

- Vi har sikkert fleire hundre bruer med stort etterslep på vedlikehaldet. Men vi passar på at det ikkje skal gå ut over trafikantane. Om vi ser at det ikkje finnast midlar til å vedlikehalde dei, reduserar vi tillet last over brua, seier Hasselø.

Han ser for seg 10-20 bruer kan få redusert last i nærare framtid.

Farlige bruer i Trøndelag