Naboane vart evakuerte, og vegen var stengd i fleire timar mens bergingsaksjonen pågikk natt til søndag. Først tidleg om morgonen var lasta på fleire tusen liter farleg væske sikra.
Møtt av gass
Traileren frå Namdalske kjørde utfor riksveg 720 på Vadaneset i Verran tidleg laurdag kveld. Bilen hamna i fjæra, men sjåføren vart ikkje skadd.
Sjåføren varsla sjølv politiet klokka 18.45. Samtidig skal han ha opplyst at det ikkje var fare for forureining, og at bedrifta sjølv ville sørge for å få bilen på vegen.
Bergingsmannskapa kom like før midnatt. Dei fikk seg eit aldri så lite sjokk. Da dei opna døra til lasterommet, slo etsande gass imot dei.
To hus evakuerte
Politiet vart straks varsla. Dei rekvirerte i sin tur brannvesen og ambulansar. Sia omfanget av lekkasjen først var ukjent, valde politiet å evakuere folka i dei to nærmaste husa.
Traileren hadde fleire tankar med ulike væsker i lasta. Ei av dei var salpetersyre.
- I våre papir er salpetersyre ei giftig væske som berre skal behandlast av folk med verneutstyr. Væska i seg sjølv utvikler ei farleg gift som heiter nitrose. I tillegg er den etsande, opplyser politiførstebetjent Rolf Arne Jøssund hos Politiet i Nord-Trøndelag til NRK.
- Ikkje forsiktig nok
- Vi meiner sjåføren burde ha varsla om faren og opptrådt meir forsiktig så lenge han ikkje var heilt sikker på at lasten var intakt, seier Jøssund.
Han trur likevel ikkje bergingsmannskapa som først opna lasteromma, har pådratt seg skadar.
Sjåføren er enno ikkje avhørd. Så langt er det uklart kor lenge han må greie seg utan førarkort.