Styrtregn og torevêr i fleire fylke: Over 4.000 lynnedslag

– Utifrå radarmålingar såg det ut til at vi hadde byer med opp til 20–30 millimeter på enkelte stadar, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Meteorologisk institutt sende tysdag ut farevarsel for styrtregn og mykje lyn i Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og Innlandet nord for Lillehammer i dag.

Det var over tjue grader på fleire av desse stadane, samtidig som pålandsvind og litt kjølige luftmassar kom inn frå havet. Det førte til torever fleire stadar. Over 4000 lyn slo ned i Noreg det siste døgnet, viser Lyn.met.no sin oversikt onsdag morgon.

– Det var ein del lynutslag. Det var og ein del nedbør. Utifrå radarmålingar såg det ut til at vi hadde byer med opp til 20–30 millimeter på enkelte stadar. Og rundt ti millimeter nedbør fleire stadar, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Heftige skyer over Orkanger

HEFTIGE SKYER: Anne Kristin Røstum tok bilete av denne store skya over Orkdal i Trøndelag. Her skal det ha buldra og regna kraftig tysdag ettermiddag.

Foto: Anne Kristin Røstum

Sjekk ut lynkartet!

Meteorologisk institutt anbefaler folk å følgje med på lynkartetet deira. Der kan du følgje torevêret i sanntid og vere førebudd om ei stor torebye er på veg mot der du er.

Skrur opp skogbrannberedskapen

Frå tysdag til og med torsdag har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sett eit ekstra skogbrannhelikopter i beredskap både ved Værnes i Trøndelag og Alta i Finnmark. Samtidig blir maskinen på Torp mellombels flytta til Stryn, opplyser DSB på Twitter.