Hopp til innhold

Finvêret gjekk brått over til mørke skyer, lyn og tore fleire stadar i dag

Det er forventa at torevêret forsvinn ut over kvelden.

Lyn over Nordfjord. Bildet er tatt fra Loen sentrum, utover mot nordfjorden. Ca kl 20:50 søndag.

LYN OVER NORDFJORD: Eit lyn slår ned over Nordfjord i Sogn og Fjordane i kveld. Bildet er tatt frå Loen sentrum.

Foto: Stine Ringstad

  • Siste: Fleire lynnedslag i områda rundt Skjåk i Gudbrandsdalen har starta brannar, melder politiet i Innlandet på Twitter klokka 18.30. På Grotli, Uppnosi og på Tverrfjellet ovanfor Lundagrense skal det brenne, ifølge politiet. Det er også meldt om skogbrann som følgje av lyn i Høyanger i Sogn og Fjordane i kveld.

Søndag ettermiddag og kveld er det torevêr i fleire fylke.

Lyn.met.no registrerte over tusen lynnedslag i sør i Trøndelag, nord i Innlandet og aust i Møre og Romsdal den siste timen før klokka 18.00 i dag.

– Det er fjellområda sør i Trøndelag og nord i Innlandet som får det verste torevêret no, seier Martin Granerød.

Han er vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Då er også fare for mykje lyn og tore i indre strøk av Sogn og Fjordane.

SKJERMDUMP FRA LYN.MET.NO TATT 25. JULI 2021 KLOKKA 19.05. Bildet viser lynnedslag dei siste seks timane før det.

FLEIRE TUSEN LYN: Skjermdump frå Lyn.met.no tatt 25.juli 2021 klokka 19.05 viser at nærmare 6.000 tusen har slått ned i Sør-Noreg dei seks siste timane.

Foto: Meteorologisk instiutt

Vêret beveger nordaustover og det ser ut som om det vil halde seg søraust for Trondheim. Men det er fare for lyn og tore også der, opplyser han.

– Det er forventa at torevêret forsvinn ut over kvelden, seier Granerød.

Farevarselet starta klokka 14.00 søndag, og skal vere over klokka 02.00 natt til måndag.

Det vil vere store lokale forskjellar i intensitet. Nokre stader vil ikkje få torevêr, opplyser vakthavande meteorolog Martin Granerød

– Det er typisk før torevêr, at dagen startar som veldig fin, med mykje sol, seier han.

Slik var det også sør i Trøndelag på søndag, før det braka laust.

For eksempel i Oppdal.

Laster Twitter-innhold