Hopp til innhold

Må bruke kyrkja som klasserom

Skolen har fått store skader etter vasslekkasje – elevene ved Nesheim skole må no bruke kyrkja i nabolaget som klasserom!

Fjerdeklassingene ved Nesheim skole i Levanger må flytte til kirka i nabolaget fordi klasserommet er ødelagt av vannskade.

Fjerdeklassingane har funne seg til rette i Bamberg arbeidskyrkje.

Lillian Breivik, rektor Nesheim skole

Lillian Breivik, rektor på Nesheim skole.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Søndag kveld vart det oppdaga at Nesheim skole i Levanger var ramma av lekkasje. Fire klasserom var ubrukelege, og heile skolen var stengt måndag.

Men skoleleiinga har vore kreativ for å finne klasserom til ungane i nærmiljøet.

– To klasser får undervisning i Bamberg arbeidskyrkje, og to klasser skal vere på Nesset samfunnshus, seier rektor ved Nesheim skole, Lillian Breivik.

– Vi er vande med fleksible løysingar her på skolen, for vi har hatt så mange rundar med bygging, seier ho.

– Positive reaksjonar

Andrea Heimstad Skjerve

Andrea Heimstad Skjerve.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Men å flytte inn i kyrkja, var ekstra spesielt, sjølv for fleksible elevar.

– Det er litt annleis her enn på skolen. Men vi leiker likevel, seier Andrea Heimstad Skjerve.

– Det er større her, og høgare under taket. I går, da det var tomt her, var det ekko, seier Lukas Kollerud Pedersen.

Lukas Kollerud Pedersen

Lukas Kollerud Pedersen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Dei går begge i fjerde klasse.

– Vi har vald å skjerme dei som er små og kanskje kjenner seg mest utrygge, så det er fjerdeklassingane som har flytta til kyrkja, og sjuandeklassingane som skal få undervisning på samfunnshuset, seier rektor Breivik.

Ho har fått berre positive reaksjonar frå foreldra på at dei tek i bruk kyrkja.

– Foreldra er glade for at undervisninga kom i gang så raskt, seier ho.

Skjermar for alteret

Bernt Kvarme

Bernt Kvarme, dagleg leiar for Bamberg arbeidskyrkje.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Dei som driv kyrkja, er glade for å ha fått unge leigetakarar.

– Det går greitt å huse desse skoleelevane. Vi skjermar av alterdelen, så dette blir eit fint klasserom, seier Bernt Kvarme som er dagleg leiar i Bamberg arbeidskyrkje.

Rommet som blir tatt i bruk, er ikkje sjølve kyrkjerommet, men eit lokale som blir brukt til kyrkjekaffe og liknande samlingar.

Kor lenge fjerde- og sjuandeklassingane må belage seg på å vere i kyrkja og samfunnshuset, er ikkje klart enno.

– No må vi bestemme om skolen skal bli renovert, eller om vi skal ha brakkerigg. Vi skal uansett ta i bruk nokre av bygningane til Nesset ungdomsskole om eit par år, så vi må legge langsiktige planar, seier Lillian Breivik.

Bamberg arbeidskirke

Det er for tida ekstra livleg på Bamberg arbeidskyrkje, med to fjerdeklasser frå Nesheim skole.

Foto: Tariq Alisubh / NRK