Hopp til innhold

Får ingen brikke frå NAV

19 år gamle Lisa Valør frå Trondheim får ikkje ei sporingsbrikke frå Arbeids- og velferdsetaten, NAV. 

Lisa Valør
Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Alvorleg hjerneskadde menneske som går seg bort får ikkje utstyr frå Arbeids -og velferdsetaten, NAV, som gjer at dei kan sporast opp.

Bakgrunnen er at NAV ikkje vil betale for elektronisk sporingsutstyr. NAV definerer utstyret som overvaking og meiner dei ikkje har lov å støtte slikt utstyr.

- Ein plass går grensa for kva NAV skal gi av hjelpemiddel. Dette er eit av tilfella der andre meiner vi bør gi hjelpemiddel, men som vi meiner vi ikkje har noko lovverk som seier at vi skal gjere det, forklarar direktør Erik Oftedal i NAVs avdeling for arbeid og aktivitet, til NRK Trøndelag.   

Forsvann før jul

Lisa blant venner
Foto: Morten Andersen / NRK

Inger Valør har opplevd alle foreldres store mareritt. 17. desember i fjor forsvann dottera hennar Lisa frå heimen sin på Byåsen i Trondheim.

Politiet starta ein storstilt leiteaksjon og over 100 personar frå politi, Røde Kors og sivilforsvaret deltok i leiting utover kvelden, gjennom natta og neste føremiddag.

Etter nesten eit døger blei Lisa funnen sterkt nedkjølt i eit ulendt terreng i området Selsbakk-Romolslia, ikkje så langt frå heimen sin.

Les også: Flagget til topps for Lisa

Vil ha sporingsbrikke

Inger Valør har fleire gonger bedt om å få ei sporingsbrikke til Lisa, slik at ho til ei kvar tid kan ha kontroll over kvar dottera er. 

Ei slik sporingsbrikke kostar 20 000 kroner og kunne spart Lisa for store lidingar. Likevel har Inger Valør fått fire avslag frå Rikstrygdeverket og NAV.

- Hadde Lisa hatt epilepsi kunne ho fått ei slik brikke med det same, men sidan ho har ein annan diagnose fell ho utanfor den gruppa som kan få utstyr gjennom Rikstrygdeverket, seier Valør til NRK Trøndelag.

Les også: Lisa kan få brikke

Les også: Får ikke spore datteren  

Møter stadig motstand

Ikkje berre fell Lisa utanfor regelverket, mora oppfattar det slik at regelverket blir brukt mot henne. Utstyret blir definert som overvaking og tvang og difor ikkje NAV sitt ansvar.

- Dette råkar dei svake gruppene, seier Valør. 

Mona Falk Andersen i Hjelpemiddelfirmaet Cognita hevdar at dette ikkje er tilfeldig. Ho meiner byråkratane i Finansdepartementet og Arbeids- og velferdsetaten med vilje innskrenkar rettane til hjerneskadde for å spare pengar.

- For å vere heilt ærleg, så trur ikkje eg politikarane veit at dette skjer. Det er byråkratane og Finansdepartementet som lagar desse reglane, seier Falk Andersen.

- GPS er svartelista  

Ho legg til at GPS hjelpemidla er svartelista på i eit rundskriv frå Arbeids- og velferdetaten sentralt til hjelpemiddelsentralane.

Dette avviser direktør Erik Oftedal i NAVs avdeling for arbeid og aktivitet. Han understrekar at det ikkje er snakk om ei svarteliste, men ei presisering av kva NAV kan gi av hjelpemiddel.