NRK Meny
Normal

Får granske Obiora vidare

Den same avdelinga, som granska Obiora-saka i første runde, skal også leie den vidare etterforskinga.

Eugene Ejike Obiora
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Spesialeininga for politisaker i Midt-Norge får ansvaret for den vidare granskinga av Obiora-saka.

Det betyr at saka blir etterforska på nytt av same avdelinga som i vår konkluderte med at politimennene, som tok Eugene Obiora, ikkje gjorde noko straffbart. 

- Sett frå mi side, har det ikkje vore noko grunnlag for å vurdere om denne saka skal gis til ei anna etterforskingsavdeling, enn den i Midt-Noreg, seier leiar av Spesialeininga, Jan Egil Presthus, til NRK Trøndelag.

La bort saka i vår

Eugene Obiora døydde etter ein arrestasjon utanfor Østbyen Servicesenter i Trondheim i fjor.

Han slo seg vrang og måtte leggast i jern. Politimennene brukte mellom anna eit omstridt halsgrep. Like etter mista Obiora bevisstheita.

Fire polititenestemenn, som var involvert då Eugene blei tatt av politiet, blei sett under etterforsking, og saka blei sendt til spesialeininga for politisaker. Dei konkluderte med å leggje bort saka 4. mai i år.

Ikkje problematisk

Obiora-saka har skapt sterke reaksjonar frå mange. Det har blitt arrangert fakkeltog og demonstrasjonar mot politiets handtering og i førre veke bad Riksadvokaten om at saka skal granskast vidare.

Leiaren for Spesialeininga for politisaker, Jan Egil Presthus, syns ikkje det er problematisk at ein region som tidlegare har etterforska saka, får gjere det på nytt.

- Det at regionleiar Arve Opdahl tidlegare har konkludert med at det ikkje er grunnlag for ein straffereaksjon, betyr ikkje etter mitt syn at han er inhabil i den vidare etterforskinga, seier Presthus.  

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal