Hopp til innhold

Får dose to tidlegare enn planlagt

Folk i Trondheim i aldersgruppa 55–64 år, som fekk første koronavaksine i veke 23, vil få tilbod om dose to allereie i neste veke, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Denne aldersgruppa skulle i utgangspunktet få andre dose i veke 35. På grunn av fleire tilgjengelege vaksinedosar i Trondheim, blir vaksineringa framskunda. Alle i aldersgruppa vil få tekstmelding om ny time.

Kommunen minner også om at det er viktig at personar som enno ikkje har fått første dose av koronavaksinen, bestiller time medan desse dosane framleis er tilgjengelege.

Pfizer vaksine
Foto: Ole Andreas Bø / NRK