Hopp til innhold

Får aldri vite om feilmedisinering

Ulovlig meiner Helsetilsynet. 80 prosent av feilmedisinerte får aldri vite om det.

St. Olavs Hospital
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

- Feilmedisinering kan vere eit stort problem. Ekstra tid på sjukehuset, ekstra legar og sjukepleiarar kostar meir. Og pasienten kan også lide meir, seier Olav Spigset.

Han er ein av legane bak undersøkinga. Han meiner dette er viktig å ta opp.

Om ein pasient får feil medisin eller dosering får han trulig aldri vite det. Det gjeld heile 80 prosent av dei som har verte feilmedisinerte. Det kjem fram av ein studie gjort ved St. Olavs Hospital i Trondheim.

På St Olavs vert verre 23 prosent av feilmedisinering rapportert.

Har ikkje tid

Legane tek sjølvkritikk, men hevdar at dei ikkje har tid til å rapportere alt. Overlege ved avdeling for blodsjukdommar, Anders Waage, seier han kjenner til problemet. Han har sjølv latt vere å rapportere inn feilmedisinering.

- Det kan vere at legane gløymer å informere. Men det kan dreie seg om bagatellar som ikkje betyr noko. Mykje av dette kan vere fullstendig ufarlig, seier Waage.

Men Helsetilsynet seier dei er pliktig til å seie frå. Underrapportering er nemlig ulovlig.

- Pasienten har rett til å få informasjon om dette. Det er viktig i tilfelle det oppstår ei skade. Det er også viktig for tilliten til helsesystemet, seier fungerande direktør i Helsetilsynet Gorm Are Grammeltvedt.

Nasjonalt problem

I følgje Helsetilsynet gjeld dette ikkje berre St Olavs Hospital. Direktør i Den norske lægeforening Torunn Janbu, seier de er klar over problemet, og at de skal jobbe med å betre rutinane.

- Eg vil ikkje unnskylde dette, men det er viktig å sjå heilskapen i dette. Vi må jobbe saman for å sikre at alle seier frå og at systemet gjer at det vert rapportert.

Forstår bekymring

Overlege Waage seier han forstår at pasientar blir bekymra når de hører dette, men at de ikkje har noen grunn til det:

- Eg forstår om folk reagerar. Det hender alvorlige feil, men det høyrer til unntaket. Folk skal føle seg trygge på avdelinga.