Hopp til innhold

Fann ulovleg gjedde i drikkevatn – anmelder saka

Eit uvisst antal gjedder skal ha blitt sett ut i Hovdalsvatnet i Frosta kommune. Dette er ulovleg, og Fylkesmannen lova ut dusør til den som kan hjelpe med oppklaring i saka.

Anton Rikstad og ulovlig gjedde

Fiskeforvaltar Anton Rikstad er fortvila over at nokon har sett ut gjedde i Hovdalsvatnet. Denne gjedda vart fanga med garn i Frosta kommune sitt drikkevatn.

Foto: Eivind Aabakken / Privat / NRK

Denne månaden var det fanga ei gjedde i Frosta kommune sitt drikkevatn. Fiskearten kan bli over 20 kilo, har kvasse tenner – og høyrer absolutt ikkje heime i Hovdalsvatnet.

– Nokon må ha sett den ut i vatnet, den har ikkje vandra dit av seg sjølv.

Fiskeforvaltar i Nord-Trøndelag fylkeskommune, Anton Rikstad, er tydeleg oppgitt over situasjonen. Dette er tredje gongen på to år at dei finn gjedde i det som skulle vore gjedde-lause vatn i Trøndelag. Førre veke vart det nemleg fanga ei gjedde på garn i Hovdalsvatnet – i ein kommune kor det i teorien ikkje skal finnast ei einaste gjedde. Frostingen omtalte saka førre veke.

Lova ut dusør

Fylkesmannen har anmeldt forholdet, og Rikstad forklarar at spreiing av framande fiskeartar er ein miljøkriminalitet. No spør dei publikum om hjelp til å komme i botn av saka.

– Vi ønsker tips frå publikum, og lova ut ein dusør til vedkommande som kan bidra med ei oppklaring i dette, seier Rikstad.

Fungerande lensmann for Værnes-regionen, Tore Sparby, fortel at dette kan føre til alt ifrå eit pålegg til noko meir – avhengig av kva konsekvensar lovbrotet skapar for fiske- og drikkevatnet.

– Det er viktig at folk ikkje tulla med drikkevatn. Her er vi som i mange andre saker, avhengig av tips frå publikum, seier Sparby.

Kan få store konsekvensar

I Hovdalsvatnet bur det vanlegvis berre aure og røye. Vatnet er drikkevatn for heile Frosta kommune, ein landbrukskommune som treng vatnet sitt. Rikstad fortel at fjerning av gjedde er svært vanskeleg. Småvatn kan bli behandla kjemisk med rotenon, noko som kostar rundt 500.000 kroner.

– Dette kan vi ikkje gjere med eit så stort drikkevatn, seier Rikstad.

I tillegg til at gjedda et all småfisken, fryktar Rikstad at den kan dra med seg andre vesen:

– Dei kan ha med seg parasittar og sjukdommar. Gjedda kan og ha ein type bendelorm som kallast gjeddemark, noko vi for all del ikkje ønsker å ha i eit drikkevatn.

Rikstad understrekar at det er "i verste fall". Dei har frose ned gjedda dei fann førre veke, og vil måndag denne veka undersøke den. Miljøverndirektør i Nord-Trøndelag politidistrikt, Bjørnar Wiseth, bekreftar det Rikstad seier om gjentakande episodar:

– Vi har dessverre hatt ein del slike hendingar dei siste åra, noko som kan øydelegge for den naturlege samansetjinga som er i vatnet. Uheldigvis har vi aldri funne "dei ansvarlege", seier Wiseth.

I første omgang skal ein prøve å få fisken vekk med garn, då dei ikkje veit kor mange som kan vere i vatnet.