Hopp til innhold

Fann tenåringar på nettside for «sugardaddies» – nektar straffskuld

Sju unge jenter fekk fleire tusen kroner kvar for å ha sex med tiltalte i 50-åra. Han nektar straffskuld fordi han trudde jentene var eldre.

Montasje: Bilde av Trondheim Tinghus og deler av "standardskrivet" til tiltalte

Måndag starta rettssaka i Trøndelag tingrett. Tiltalte hadde eit «standardformular» som han sende til alle jentene før det fysiske møtet (innfelt)

Foto: SIGURD STEINUM/BJARTE JOHANNESEN / NRK

Den yngste jenta var nett fylt 15 då ho møtte tiltalte første gongen.

– Han verka som ein ordentleg fyr samanlikna med dei andre, sa ho i avhøyret som vart spelt av i retten.

Barnevernet varsla politiet

Ho hadde oppretta ein profil på ei nettside for såkalla «sugardating». Her tilbyr unge seg å ha samvær med eldre menn mot betaling i gåver eller pengar. Fornærma oppga på sida at ho var 18 år.

Politiet fekk tips via barnevernet om at ei jente på 15 hadde mykje pengar. Mistanken var at ho selde sex til ein mann på eit hotell i Trondheim.

Tiltalte kalla seg «Thomas» i kontakten med alle dei sju jentene. Han brukte også fiktivt etternamn, stilling og arbeidsgjevar i den skriftlege kontakten med jentene. Men telefonnummeret var registrert på tiltalte.

For handlingane med 15-åringen er han tiltalt for seksuelle overgrep mot ein mindreårig mellom 14 og 16 år.

Han er også tiltalt for å ha kjøpt sex av mindreårige under 18 år og sexkjøp av tre vaksne. Han nektar også straffskuld for dette.

Møta skal ha skjedd over tre år til han vart pågripen i august i fjor.

Rusavhengig og «desperat etter pengar»

Måndag ettermiddag vitna ei jente som var 16 år då ho møtte tiltalte via den same nettsida. Ho fortel at ho nett hadde flytta på hybel, gjekk på skule og var rusavhengig:

Eg var desperat etter pengar, svarte jenta på spørsmål om kvifor ho gjekk inn på avtalen med tiltalte.

Dei møttest mellom fem og ti gonger i løpet av eit knapt år, alltid på same hotellet i ein by på Vestlandet. Ho fekk i alt 30.000 kroner frå tiltalte for å ha samleie med han. Dei gjorde ingen andre ting saman.

Aktor la fram mange e-postar mellom dei to. Tiltalte skriv at det er viktig at ho er «diskret» og forventar at ho ikkje har «ligget» rundt og held seg berre til han.

Ho sa i retten at ho var innstilt på at dei kanskje kunne ha eit kjærasteforhold.

– Eg trudde heilt oppriktig at det var noko spesielt med oss to og at han ikkje var i lag med andre samstundes.

Far til fornærma fortalde i retten at dotra hadde slite psykisk og med rus i fleire år, før kontakten med tiltalte.

Faren fekk ikkje vete om forholdet før han vart innkalla som vitne i rettssaka. Politiet ønska at dotra skulle forklare seg under etterforskinga, men ho var for sjuk. Vitnemålet i retten måndag var første gong ho fortalde om det ho hadde opplevd.

Kjende seg ikkje så mykje verd

Jenta som var 15 år då ho møtte tiltalte, forklarte seg i tilrettelagd avhøyr i fjor haust. Avhøyret vart spelt av i retten. Ho fortalde om ei vanskeleg ungdomstid og at ho ikkje kjende seg så mykje verd.

Ho ønska å kome i kontakt med menn som kunne gje henne gåver eller pengar. Ho fekk mange svar og valde tiltalte.

Då dei møttest snakka dei mykje og det dreia seg ikkje berre om sex, ifølgje henne. Første gongen fekk ho pengar utan at det hadde skjedd noko seksuelt, ifølgje fornærma.

Ho visste det var ulovleg det som skjedde, seier ho i avhøyret.

Eg trur han (tiltalte, journ. anm) freista å overtyde seg sjølv også om at det vi gjorde var greitt, fordi eg fekk pengar av han.

Jenta sa at tiltalte trudde at ho var 16 år fordi ho sa til han. Ho fortalde han også at ho sleit og ikkje hadde det så bra heime.

Skjermdump av "standardformularet" til tiltalte

Deler av ei lengre melding tiltale sendte tenåringsjentene.

Foto: Trøndelag tingrett

Fekk angrepille av tiltalte

Ei anna jente som var 16 fortalde at det var ei form for sjølskading og at ho trengde pengar. Ho tok beroligande tablettar og drakk alkohol før ho skulle møte tiltalte. Ho meinte det dreia seg om mellom fem og ti sextreff.

Tiltalte brukte ikkje kondom og ga henne angrepille etter at dei hadde vore i lag, ifølgje jenta. Ho hadde vore på rusbehandling like før ho innleia kontakten med tiltalte, men det fortalde ho han ikkje. Men han såg at ho drakk alkohol.

Alle jentene fekk kontantar i rosa konvoluttar.

I ein e-post til ei av jentene forklarte tiltalte kvifor han ville betale kontant:

Etter råd fra min advokat (ikkje forsvarer, journ. anm.) ønsker jeg ikke å bli knyttet til noen i et slikt forhold med elektroniske overføringer av penger.

I ein sekk i bilen til tiltalte fann politiet ein lynlåspose med 10.000 kroner.

«Standardformular» for kontakt

Aktor, politiadvokat Kjersti Hegerberg, viste i retten fram det ho kalla eit «standardformular» når han tok kontakt med jentene.

Her skreiv han mellom anna:

«Blir du ikke «kåt og våt» av å være intim med meg, så blir det meningsløst å ha sex med deg. OG det er jo dette som avgjør om vi har den nødvendige kjemien for å gå videre.»

Han skreiv også at kontakten ikkje berre dreia seg om sex.

«Også det vi kan finne på av opplevelser som gir deg noe nytt, spennende og økonomiske goder.»

Han tilbyr også jentene å kjøpe dei fri frå jobb dersom dei har lyst på ein tur med han.

Spørsmål om tiltalte burde undersøkt alderen betre

Forsvarer Ellen Tvedten Jorem viste til at tiltalte har erkjent at han hadde sex med jentene og at dette var «sugardating» og ikkje sexkjøp som er straffbart. Når det galdt jenta som var under 16, sa forsvarer at retten må avgjere om tiltalte burde undersøkt alderen hennar betre.

Advokat ellen tvedten jorem,

Advokat Ellen Tvedten Jorem er forsvararen til den tiltalte mannen i 50-åra.

Foto: Advokatfirma Elden

– Sugardating er eit kjent fenomen som tiltalte vil forklare seg meir om, sa Jorem.

Forsvarer meiner denne saka kan få betydning for korleis fenomenet skal behandlast i strafferetten når dei fornærma er over den seksuelle lågalderen.

Politiet i Trondheim har tidlegare åtvara mot fenomenet der tenåringar heilt ned i 12 års- alderen har registrert seg på nettsider og vorte kontakta av såkalla «sugardaddies».

Tysdag skal tiltalte forklare seg i Trøndelag tingrett.