Hopp til innhold

Fann innpakka skytevåpen utanfor bustadområde i Trondheim

Politiet i Trondheim fann eit stole jaktvåpen på Byåsen i Trondheim.

Politiet bekreftar overfor NRK at våpenet som vart funne på Byåsen i Trondheim i dag var eit jaktvåpen som vart meldt stole for tre månadar sidan.

Våpenet vart funne i eit skogholt ved eit bustadområde på Byåsen.

Politiet fekk melding om at det var funne ein mistenkeleg gjenstand klokka 12.15 fredag ettermiddag, som viste seg å vere eit våpen. Det vart tatt med inn til politihuset for undersøking.