Ein 23 år gamal mann frå Litauen døydde då han blei dratt inn i barkemaskina laurdag.
- Det dreier seg om drifts- og tryggingstilhøve, som det må ryddast opp i, seier tilsynsleiar Torgeir Alvsåker i Arbeidstilsynet, til Adresseavisen.
Alvsåker vil ikkje kommentere konkret kva manglar Arbeidstilsynet har funne.
Politiet har avslutta dei tekniske undersøkinga på ulykkesstaden og vil no starte å avhøyre folk.